Veit du eigentleg kva NAV er?

NAV brukar kvar tredje krone på statsbudsjettet. Her er ei innføring i kva Noregs største etat brukar pengane på.

NAV har spart millionbeløp på aktivitetstiltak. Illustrasjonsfoto frå NAV St.Hanshaugen: Rikke M. Etholm-Idsøe

Svimlande 420 milliardar kroner er pengepotten NAV får kvart år. Og berre den siste veka har etaten blitt omtalt 741 gonger i norske aviser og nettaviser. "Å nave" har til og med blitt eit verb med utbreiande bruk i populærkulturen, med mellom andre Karpe Diem i spissen.

Men veit folk flest kva bokstavane NAV står? Og kva driv dei eigentleg med? Sjå video her:

NAV på 1-2-3

Tilfeldig forbipasserande Journalen spurde, viste at kunnskapen om Noregs største etat er varierande. Her er det du må vite:

- NAV står for Arbeids- og velferdsetaten

- Det er påkrevd med NAV-kontor i alle norske kommunar

- JOBB: NAV bistår innan arbeidsløyse, jobbsøking, dagpengar, sjukemelding og fremjar tiltak for å kome i jobb

- FAMILIE: Barnetrygda, kontantstøtte og støtte til einslege foreldre vert utbetalt av NAV

- PENSJON: Forvaltar alderspensjon, avtalefesta pensjon (AFP) og uføretrygd

- HJELPEMIDDEL: Utstyr som lettar jobbkvardagen til funksjonshemma

Test din NAV-kunnskap!

1. Kor mange NAV-kontor finst i Noreg?

2. Kva heiter leiaren i NAV?

3. Kor stor del av statsbudsjettet disponerer NAV?

4. Kor mange NAV-kontor finst i Oslo?

5. Kor tid vart Trygdekontoret, Aetat og Sosialtenesta slått saman til NAV?

 

_________________________________________________________________________

 

Svar: 1. 457 (2011) 2. Sigrun Vågeng. 3. 1/3. 4. 46 5. 2006.