Nynorskdagen - 140 år sidan jamstillingsvedtaket

Den 12. mai 1885 vart nynorsk og bokmål jamstilte som skriftspråk. Korleis står det til med nynorsken 140 år etter vedtaket?

Sebastian Vinset Natvik

Norsk Målungdom jublar for at dei endeleg kan busse på nynorsk.

Sebastian Vinset Natvik er leiar i Norsk Målungdom og ser positivt på nynorsken sin plass i offentlegheita. 

– Dei siste tiåra har me sett ei positiv utvikling for nynorsken i samfunnet, kulturlivet og i media, fortel Natvik.

– I 2017 oppheva sjefredaktøren i VG forbodet mot nynorsk i redaksjonelt stoff, og NRK jobbar i likskap med mange andre offentlege institusjonar systematisk for å oppfylle nynorskkravet på 25 prosent, legg han til.  

– Dessutan ser me ei stor haldningsendring til dialektbruk hos unge, noko som heng tett saman med nynorsken. Set du på Topp 50-lista på Spotify i dag, er sjansen langt større for at du høyrer «eg» og «ikkje» enn den ville vore for berre ti år sidan, seier Natvik. 

Nynorsken i framtida

– Me ser veldig positivt på nynorskens plass i offentlegheita for framtida. Det at me har nynorsken nedfelt i stabile institusjonar som offisielle ordlister, grunnlov, utdanning og redaksjonelle medium, er eit teikn på at språket står støtt i samfunnet, fortel Sebastian Vinset Natvik.

seb
Leiar i Norsk målungdom Sebastian Vinset Natvik steller seg positiv til nynorsken si framtid. Foto: Sebastian Vinset Natvik

– Noreg er eit fleirkulturelt og fleirspråkleg land, og jo fortare me aksepterer dette, jo meir opne, tolerante og demokratiske blir me som nasjon. Heldigvis ser det ut til at folk tek dette innover seg, for i dag lanserte Ruter appen sin på nynorsk, som stadfestar at målforma høyrer heime i heile landet, også i hovudstaden, legg han til. 

Utfordringar i utdanninga 

Til tross for ei positiv haldning til nynorsk i offentlegheita har det vore endringar i bruken av skriftspråket i utdanninga. I dei 140 åra etter at nynorsken vart jamstilt med bokmål, har bruken av skriftspråket i skulen sakte, men sikkert hatt ei noko negativ utvikling.  

På landsbasis ligg no talet på elevar med nynorsk som hovudmål på 11,4 prosent. Samstundes står det bra til med nynorsk i dei vestlege fylka. Ifølgje Utdanningsdirektoratet har nærmare halvparten av elevane i Vestland og Møre og Romsdal nynorsk som hovudmål. I gamle Viken fylke er det til samanlikning under ein prosent som nyttar nynorsk i utdanninga.  

Berre 11,4 prosent av norske elevar har nynorsk som hovudmål på skulen, eit godt stykke bak talet på dei som har bokmål.

– Det aller viktigaste grepet me kan ta for å ivareta unge nynorskbrukarar, er å styrke sidemålsopplæringa, seier Sebastian Vinset Natvik. For den enkelte betyr det å legge press på politikarane og ikkje gje stemma si til dei som går til val på å skrote sidemålsordninga.

– Elles er det også viktig å drive med haldningsskapande arbeid og minne kvarandre på kva nynorsken betyr for norsk kulturarv, demokrati, og vanlege folks kvardag, legg han til. Det at folk kan uttrykke seg på eit skriftspråk som liknar på talemålet sitt, er ufatteleg viktig for deltakinga i den offentleg samtala og den generelle tilhøyrsla i storsamfunnet, meiner Natvik.  

Oppfordrer til å skrive nynorsk

– Norsk Målungdom og Noregs Mållag inviterer alle til å skrive nynorsk 12. mai, særleg dei som ikkje gjer det til vanleg, seier Sebastian i forbindelse med nynorskdagen.

– Målet vårt er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og å få sjå meir nynorsk rundt oss, særleg på plassar der me vanlegvis ikkje ser han.

Stikkord