– Vi veit ikkje kva som skjer
Naboane på Ullern ventar på avklaring om Lysejordet.
- Statnett skal byggje ein ny tunnel med straumekabler som skal gå mellom Bærum og Smestad.
- Eit alternativ er ein tunnelinngang frå bakken på Lysejordet, men dette er ikkje avgjort.
- Ingeniørfirmaet COWI gjer undersøkingar og hjelper med planlegginga i 2025.
- Den ferdige planen skal sendast til Energimyndigheita NVE i løpet av 2025.
- Byggestart er tidlegast i 2028 dersom planen blir godkjent.
For mange er Lysejordet berre ei grøn slette og ein populær akebakke. For naboane på Ullern er området eit av dei viktigaste friområda i kvardagen, brukt av barnehagar, skular og familiar året rundt. No ventar mange på avklaringar om planane for den nye kabeltunnelen mellom Smestad og Bærum, samstundes som området er inne i ein verneprosess.
– Mange spør meg på butikken kva som skjer. Eg har eigentleg ikkje noko godt svar per i dag, seier Terje Næss.
– Vi venter spent på signaler frå Statnetts planarbeid.
Han er ein av drivkreftene i aksjonsgruppa Bevar Lysejordet, som dei siste halvanna åra har engasjert seg etter at Lysejordet blei nemnt som mogleg stad for anleggsområde og tunnelinngang i Statnett-planane.
Nabolaget mobiliserte raskt
Næss fortel at han først høyrde om planane for rundt halvanna år sidan.
– Det kom litt brått på mange i nabolaget og langs Lysakerelva, seier han.
Det blei raskt oppretta ei Facebook-gruppe, som etter kvart har fått rundt 2000 medlemmar. Der samla det seg både barnefamiliar, naboar og fleire med fagbakgrunn innan naturvern, geologi og anlegg.
– Folk har bidrege etter evne og kompetanse. Nokre er med heile vegen, andre hjelper til når det trengst, seier Eirik Rødstøl, som òg er veldig engasjert i saka.
Politisk støtte i bydelen og kommunen
Engasjementet har også ført til politiske vedtak.
Eit innbyggjarforslag frå gruppa fekk over 3000 underskrifter. Ullern bydelsutval og seinare Oslo bystyre vedtok samrøystes å gi uttrykk for at store anleggsarbeid bør leggjast utanfor Lysejordet dersom mogleg.
– Alle politikarane som har sett på området er samde i at det skal vera unødvendig å øydeleggja dette enorme friområdet med 15 000 tonn stein for å laga noko mellombels, seier Rødstøl
– Eit tverrslag på Lysejordet vil innebere ein kilometer unødvendig tilførselsveg og tunnel. Dette vil medføre fleire år med unødig anleggsarbeid og fleire hundre millionar ekstra, til ingen varig nytte utanom sjølve kabeltunnelen.
Føreslått verneområde med høg naturverdi
Parallelt med kabelplanane pågår det òg ein verneprosess for området langs Lysakerelva. Statsforvaltaren har sendt ut eit forslag om å verne Lysakerdalen som naturreservat, der delar av området overlappar med det nabolaget brukar som tur- og leikeområde.
I høyringsdokumentet skildrar Statsforvaltaren området som ei rik bekkekløft og elvedal med stor variasjon i naturtypar, blant anna kalklindeskog, våtmark og artsrike skogområde. Dokumentet viser òg til registrerte raudlisteartar og vurderer området som nasjonalt viktig å ta vare på.
Næss peikar på at dette har blitt ein viktig del av saka.
– Verneprosessen kom jo samtidig med at tunnelplanen dukka opp. Det gjorde mange ekstra urolege for korleis naturen ville bli påverka.
Statnett vil redusere ulempene
I desember 2024 publiserte Statnett ei oppdatering på nettsidene sine. Der skriv selskapet at detaljplanlegginga av kabelanlegget no er i gang.
«Dette er eit stort infrastrukturprosjekt som rører mange og som må planleggjast nøye. Vi vil prøve å finne løysingar som reduserer ulempene i byggjefasen, og til det treng vi god dialog med naboar, grunneigarar, kommunar og andre berørte.»
Prosejktleiar i Statnett, Hans Herlofsen
Statnett skriv også at naboar i 2025 vil kunne sjå tilsette frå Statnett og COWI i området i samband med befaringar.
Bekymring i nabolaget
Mens planlegginga pågår, er mange i nabolaget opptekne av korleis området vil bli i fleire år framover dersom anleggsarbeidet blir lagt til Lysejordet.
– Skulevegen her er roleg og trygg. Det er vanskeleg å sjå for seg tung anleggstrafikk i fleire år, seier Næss.
Rødstøl opplever det same:
– Barnehagar og skular brukar området kvar dag, og over 2400 barn er innom denne næraste skogflekken dei har tilgang til. Når så mange barn nyttar området regelmessig, er det forståeleg at både foreldre og tilsette blir urolege når informasjon om endringar eller tiltak ikkje er tydeleg.
– Vi ventar på tydelege svar
Både Rødstøl og Næss understrekar at dei har forståing for at detaljplanlegging tek tid.
– Inntrykket vårt er at det blir jobba grundig. Vi har tillit til at Statnett tar hensyn til dei nasjonale naturverdiane og vedtaket i Rådhuset i sommer etter vårt innbyggerforslag, seier Næss.
Inntil detaljplanen og verneforslaget er behandla, er det uklart kor mykje Lysejordet og områda rundt kan bli berørt.
– Akkurat no opplever vi at vi berre ventar på avklaringar. Det gjer mange i nabolaget, seier Rødstøl.