Ny forskning: Sosiale medium, ungdom og rus
Bruken av illegale rusmiddel blant ungdom har vore relativt låg sidan tidleg 2000-tal, men dei siste åra har forskarar sett ein ny tendens: tala er på veg opp igjen.
No skal eit nytt forskingsprosjekt ved Oslomet undersøkje kvifor og kva rolle sosiale medium spelar i utviklinga.
– Det er denne knekkpunkta i statistikken som eigentleg er utgangpunktet for heile prosjektet, seier Ola Røed Bilgrei, forskar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

Prosjektet starta 1. januar 2026 og varer fram til 2029. Det er finansiert av Nores forskningsråd gjennom ei såkalla Fripro-ordning, der forskarane sjølv definerer problemstillinga.
Ei felt i endring
Ifølgje Bilgrei er det særleg eitt fenomen forskarane ønsker å forstå betre. Såkalla rusmiddelinfluensarar.
– I land som USA og Canada, der cannabis er lovleg fleire stader, har det vakse fram ein stor influenserkultur rundt rusmiddel. Desse profilane promoterer produkt og livsstil knytt til rus, ofte i samarbeid med kommersielle aktørar, forklarar han.

Sjølv om lovverket i Noreg er heilt annleis, er innhaldet likevel tilgjengeleg for norske ungdommar gjennom plattformer som Instagram, TikTok og Snapchat.
– Vi veit ganske mykje om digitale rusmiddelmarknader, men langt mindre om korleis ungdom opplever og tolkar denne typen innhald. Der er det nesten ikkje forska før, seier Bilgrei.
– Det er ikkje så regulert
For mange ungdommar er sosiale medium ein naturleg del av kvardagen. Ein av dei er Engebret Berg-Steen, vg3-elev ved Edvard Munch vidaregåande skule.
Han fortel at han hovudsakleg brukar Instagram og Snapchat, og at rusinnhald dukkar opp innimellom.
– På Snapchat er det jo chatgrupper og sånn. Og på Instagram kjem det litt av kvart. Det er ikkje akkurat så veldig regulert, seier han.
Berg-Steen seier han kjenner til minst éin person han oppfattar som ein tydeleg rusmiddelinfluensar, knytt til Raw (rullepapir og utstyr).
– Eg veit om éin. Han er den mest rusinfluensaren eg har sett. Det er alltid heilt sjuke ting, seier han.
Han meiner algoritmane spelar ei stor rolle for kva slags innhald ungdom blir eksponert for.
– Viss du startar ein ny konto og likar éin ting, så kjem det berre meir av det same. Det gjeld mykje forskjellig innhald, seier han.

– Det kjem litt av alt på sosiale medium, forteller avgangseleven ved Edvard Munch vgs.
Når det gjeld normalisering av rus, opplever han at cannabis er det mest synlege, medan andre rusmiddel oftare er knytte til fest- og russemiljø.
– Veldig mange eg kjenner er i russemiljøet. Då er det mykje drikking, og det er også folk som tek illegale rusmiddler, seier Berg-Steen, og legg til at han har høyrt om høgt bruk særleg på vestkanten i Oslo.
Tre delar i prosjektet
Forskinga er delt inn i tre hovuddela. Den første handlar om sosiale medium og digital etnografi. Forskarane skal opprette nye brukarkontoar og aktivt søkje etter rusrelatert innhald på ulike plattformar.
– Vi skal observere, ta skjermbilete og analysere kva som faktisk finst der ute. Kva blir promotert, korleis ser det ut, og kor ope eller fordekt er bodskapen, seier Bilgrei.
Den andre delen består av kvalitative intervju med ungdom. Rundt 50 elevar frå vidaregåande skular i Oslo skal intervjuast, med jamn fordeling mellom kjønn, studieførebuande og yrkesfag, og skular frå både aust og vest i byen.
– Vi ønskjer å forstå korleis det er å vere ungdom i dag. Det handlar ikkje berre om rus, men om skule, fritid, sosiale relasjonar, og kva meining rus eventuelt frå i liva deira, forklarar han.
I tillegg skal prosjektet bruke over 130 intervju frå eit tidlegare forskingsprosjekt, noko som gir eit breitt datagrunnlag.
Den tredje delen er statistisk og baserer seg på store spørjeundersøkingar som Ungdata og Ung i Oslo, der elevar i alderen 16–19 år svarer på spørsmål om kvardagen sin.
Ungdom har det stort sett veldig bra
Bilgrei meiner det ofte finst ei overdriven frykt i vaksensamfunnet når det gjeld ungdom og rus.
– Kvar generasjon har ein tendens til å meine at ungdommen i dag er verre enn før. Men realiteten er at dei aller fleste norske ungdommar har det veldig bra og ikkje bruker illegale rusmiddel, seier han.
Sjølv om enkelte tal peikar oppover, er nivåa framleis lågare enn på 1990-talet. Samtidig meiner forskaren at debatten ofte blir for einsidig.
– Rus handlar ikkje berre om risiko og problem. For mange ungdommar har til dømes alkohol også ein sosial funksjon, knytt til fellesskap, glede og relasjonar. Den dobbeltheita er viktig å ta på alvor, seier Bilgrei.
Kunnskap for fleire enn forskarar
Når prosjektet er ferdig i 2029, håpar forskarane at funna ikkje berre blir liggjande i vitskaplege tidsskrift.
– Vi ønskjer at kunnskapen skal kome fleire til gode: foreldre, skular, helsevesen og politikarar. Målet er å gi eit meir nyansert bilete av ungdom, rus og den digitale kvardagen dei lever i, seier Bilgrei.