Kunstnarene bak det stolne KI-verket: – Me er òg kritiske til KI

Dei siste vekene har eit KI-generert kunstverk skapt uvanleg mykje uro ved Institutt for journalistikk på Oslomet.

Utpressingsbrevet som vart lagt igjen etter at kunstverket vart stjelt. På bilete står det "Uakseptabelt. Det er trist å se at Oslomet svikter. KI kunst er feil retning. Studenter stiller krav til kunst laga av folk ikke KI. Vi har kidnapper "bilete av verket". Siste frist: 15. aug"

Dette er utpressingsbrevet som vart lagt igjen etter at tjuvane hadde tatt vekk kunstverket.

Dette er saka
  • 21. mai: Universitas skriv at fotojournalistikkstudentar reagerer på eit KI-generert kunstverk ved Institutt for journalistikk
  • Fleire studentar tek verket ned frå veggen i protest
  • 28. mai: Universitas melder at verket er borte. I staden heng eit upressingsbrev med krav om «kunst laga av folk»
  • Kunstsamlinga ved Oslomet omtalar handlinga som hærverk
  • No svarer kunstnarane bak verket på kritikken

Først reagerte fotojournalistikkstudentar på at verket hang på veggen. Så byrja nokon å ta det ned. Deretter forsvann det heilt og vart erstatta av eit utpressingsbrev med krav om «kunst laga av folk». No er både brevet og kunstverket borte.

Men medan debatten har handla om motstand mot kunstig intelligens, meiner både kunstnarane bak verket og kunstsamlinga ved Oslomet at dei eigentleg deler mykje av studentane sin skepsis til teknologien.

– Me er heilt opne for debatt om KI. Det er kjempeviktig. KI i seg sjølv er ikkje kunst i våre auge, seier Charlotte Wiig i kunstkollektivet A Female Gaze til Journalen.

Eit anna prosjekt enn studentane trudde

Saka vart først omtala av Universitas, der fleire fotojournalistikkstudentar reagerte på at eit KI-generert bilete hang i lokala til ei utdanning som lærer studentane å dokumentere verkelegheita gjennom fotografi.

Men ifølgje Wiig var verket aldri meint som ei hyllest til KI.

Biletet som hang ved instituttet er del av kunstprosjektet SELF-ish, som mellom anna vart vist under Oslomet si kvinnedagsmarkering i 2024.

I formidlingsteksten til utstillinga heiter det at kunstnarane undersøkte korleis kjønnsstereotypar blir reproduserte i KI-genererte bilete. Kunstnarane samanlikna eigne sjølvportrett med versjonar genererte av KI-verktøyet Midjourney. Då dei brukte prompten «profesjonell fotograf», vart kvinnene gjorde om til menn.

– I prosjektet såg me at kvinnelege fotografar vart gjorde om til menn. Heile prosjektet vart ein kritikk av korleis fordommar og kjønnsroller kan bli vidareførte gjennom KI-system, seier Wiig.

Ifølgje henne utvikla prosjektet seg til eit feministisk kunstprosjekt om verdiane og fordommane som ligg innebygde i teknologien.

– Me arbeidde lenge med desse problemstillingane. Det var ein kritikk av KI, ikkje ei hyllest til teknologien.

Ulike tolkingar

Då Journalen spør om studentane kan ha misforstått prosjektet, peikar Wiig på at mykje av konteksten forsvann då eitt enkelt bilete vart løfta ut av ein større serie.

– Oslomet kjøpte inn ein liten del av eit mykje større prosjekt. Eg vart også overraska over at det ikkje var skilting ved verket. Det burde ha vore informasjon om prosjektet og bakgrunnen for det, seier ho.

Spiker
Etter dei siste vekene er det berre ein tom spiker som heng igjen på veggen kor kunstverket til A Female Gaze var. Foto: Olivia Malgorzata Szlage.

Likevel meiner ho ikkje at studentane sin kritikk er urimeleg.

– At studentar er kritiske til KI synest eg eigentleg er veldig positivt. Me ønskjer også ein kritisk diskusjon om korleis teknologien blir brukt.

Trur manglande skilting spelte inn

Leiaren for kunstsamlinga ved Oslomet, Siv Hofsvang, meiner også manglande informasjon kan ha bidrege til reaksjonane.

«Eg trur absolutt det ville vore lettare for studentane å forstå at dette er del av eit større kritisk kunstprosjekt dersom skiltinga hadde vore på plass samtidig som verket vart hengt opp», skriv ho i ein e-post til Journalen.

Ho fortel at kunstsamlinga allereie arbeidde med ny skilting då debatten oppstod.

Vil ha samtale

Då Journalen spør Hofsvang kva ho tenkjer om at både studentane, kunstnarane og kunstsamlinga ser ut til å vere kritiske til KI, svarar ho at saka viser behovet for meir dialog.

«Det er for meg eit klart teikn på at me må få til ein open debatt, møte kvarandre ansikt til ansikt og samtale», skriv ho.

Også A Female Gaze ønskjer meir diskusjon.

– Me skulle gjerne møtt studentane til ein samtale om prosjektet og problemstillingane det tek opp, seier Wiig.

Både kunstkollektivet og kunstsamlinga ved Oslomet seier dei gjerne vil delta i ein open debatt om kunst, KI og opphavsrett.

«Eg har så absolutt tru på at det er lurt å lytte til kvarandre med eit ønske om å forstå kvarandre, og at dette kan vere eit botemiddel mot oppkonstruerte konfliktar», skriv Hofsvang.

Journalen har prøvd å kome i kontakt med tyvene av verket, men uten lykke.