– Dei går etter universiteta

Når Russland ikkje får kjøpt teknologien dei treng, går dei etter kunnskapen. Då vert universiteta eit mål, meiner forfattar Cathrine Lagerberg. OsloMet vil halde fram som før.

Inngangen OsloMet-bygget P42

Her inne skal det foregå internasjonalisering akkurat som før.

Cathrine Lagerberg busett på Røa har bakgrunn frå både næringslivet og Forsvaret. No er ho ute med boka «Den nye frontlinjen», som ho har skrive saman med Tom Røseth, hovudlærar ved Forsvarets høgskole og mykje brukt ekspert i media om forsvar og tryggingspolitikk.

Boka, som er utgjeven på Universitetsforlaget, handlar om kvifor Russland, Kina og USA gjer det dei gjer, og kvifor det rammar eit lite land som Noreg hardt. Men, dette er ikkje berre god lesing for bedriftsleiarar eller forsvarsfolk:

– Akademia er og ein del av den nye frontlinja, seier ho.

Lagerberg tek utgangspunkt i kva ein stat som Russland gjer når eksportkontroll stengjer døra for kjøp av delar, eller Kina søker å få tak i den beste teknologien.

– Kva går dei etter då? Dei går etter kunnskapen. Så då vil dei gå til akademia. Det seier seg sjølv.

Norske forskingsmiljø er ettertrakta både for industrispionasje og for forskingssamarbeid med nasjonar Noreg helst ikkje vil dele kunnskap med, meiner ho. Noreg er verdsleiande på teknologi som både Noreg og Nato, men også Russland og Kina, er avhengige av.

Plakater på vegg, om utveksling og globale stemmer
HAR INGENTING MED SAKA Å GJERE: Men dette var det einaste underteikna fann av internasjonalisering på campus. Foto: August Haarr Rogde

Vil byrje i motsett ende

Universiteta si oppgåve er å hente inn og dele kunnskap. Korleis skal ein balansere dette med fokuset på tryggleik?

– Eg trur ein må byrje i heilt motsett ende.

Først må ein definere kva teknologi og kunnskap som ikkje kan delast med andre enn dei aller næraste allierte, meiner ho.

– Me burde sjå at undervassteknologi, autonomi, robotikk og semikonduktorar … det er teknologi og kunnskap me skal bevare for oss sjølve.

Lagerberg trur forskarar vil tenkje annleis om dei forstår kva som står på spel.

– Det er ikkje berre det «paperet» du skal produsere til forskinga. Dette er Noregs eksportinntekter, framtidig marknadsposisjon, framtidige teknologiske fortrinn. Mykje av dette er og kunnskap og teknologi me treng for forsvarsevne og militære operasjonar. Dette er mange generasjonars verdiar som står på spel, seier ho.

Ho understrekar at ho er ein sterk tilhengar av internasjonalisering, men meiner ein må velje kven ein skal stole på.

– Skepsisen skal vere der, og skepsisen skal vere til alle andre nasjonar.

Samarbeid med BRICS-landa, der Russland er blant medlemma, er ho skeptisk til. Det er berre nokre år sidan saka der ein brasiliansk gjesteforskar ved UiT viste seg å vere russisk spion.

"Me skal ikkje avgrense"

Ved OsloMet ser ein annleis på det. Seniorrådgjevar Monica Knutsen De Figueroa, som arbeider særleg med internasjonalt samarbeid, seier universitetet har samarbeid med mellom anna Brasil, og at det ikkje er aktuelt å utelukke område på førehand.

– Me skal jobbe internasjonalt, me skal ikkje avgrense.

I staden ser OsloMet på kva den enkelte skal jobbe med og kva vedkommande skal ha tilgang til, forklarer ho. Gjeld det sensitiv teknologi eller personsensitiv informasjon, må vurderinga vere ekstra grundig. Utfallet kan bli at nokon ikkje får tilgang til alt, men må jobbe litt annleis.

– Ved tilsetjing er det kvalifikasjonane som er det viktigaste, seier Knutsen De Figueroa.

Samtidig kan personlege eigenskapar som har noko å seie for tryggleiken, gjere at nokon ikkje vert kvalifisert.

Å gjere det motsette har ein høg pris, meiner ho:

– Universitetet kan gå glipp av mykje kunnskap om ein ikkje samarbeider globalt.