– Nyheitene når fram

Ein av to kenyanarar lever på berre ein dollar dagleg. Når ei avis kostar ein halv dollar, må informasjonen komma frå andre medier.

Høge prisar og dårleg infrastruktur gjer distribuering av aviser vanskeleg i Kenya. Men det stoppar ikkje nyheitene i å nå fram.

Sosiale medier

Tv og radio blir desto viktigare - og stadig meir utbreidd, seier Kenya-ekspert Bård Anders Andreassen ved Senter for menneskerettigheter ved Universitet i Oslo.

Også framveksten av sosiale medier kan utjamna informasjonskløftene, meiner han.

– Stadig fleire tar i bruk sosiale medier. I slummen i Nairobi er ungdomen både på Facebook og Twitter. Dei kommuniserer også aktivt med SMS, seier Andreassen.

Han understrekar at det framleis er vanskeleg å seia noko konkret om kva denne typen kommunikasjon betyr for informasjonsflyten.

– Det finst ingen konkret forskning på dette, men me veit at sosiale medier er ein solid plattform for å spreia informasjon blant unge, seier han.

Deler på avisene

I dag finst det fire dagsaviser i Kenya, men det totale talet på aviser og magasin er uklart. Dårleg infrastruktur og økonomi er ei utfordring i spreiinga av desse. 

– Avisene blir hovudsakleg lesne i urbane strøk og av middelklassa. Men det er ikkje eit eintydig bilete, seier Andreassen, som sjølv har besøkt Kenya årleg sidan 1990.

– Avisene blir spreidde på ein annan måte. Ein kastar dei ikkje i søppelet, men gir dei gjerne vidare til andre. Å lesa ei veke gamle aviser er ikkje uvanleg. Sjølv i fattige strøk ser ein aviser overalt, avsluttar han.