Fosse fnys av Bergenteater

Han meiner Den nasjonale scene gir blaffen i nynorsk.

Ifølge Jon Fosse bør Den nasjonale scene i Bergen (DNS) bli fråteken sin status som nasjonalteater, då det ikkje representerer heile landsdelen.

– Dei ligg jo midt i nynorskland. DNS skal ha status som nasjonalteater, og så er dei ikkje meir enn eit bergenspatriotisk teater. Skal DNS ha nasjonale ambisjonar, bør dei i det minste forsøka å dekka Vestlandet. Då må dei spela på nynorsk. Ikkje berre det, men det òg, seier Jon Fosse til Bergens Tidende.

Teatersjefen ueinig

Teatersjefen ved Den nasjonale scene i Bergen, Agnete Haaland, er ikkje einig med Fosse om teatret sitt ansvar for nynorsk, og meiner at det er det bergenske språket dei har mest ansvar for. Likevel meiner Haaland at teateret tar ansvar for nynorsk.

– I 2014 skal me ha elleve eigenproduksjonar, og tre av desse er på nynorsk. Eg synest dette viser at me tar målformer på alvor, seier ho til Bergens Tidende. Vidare presiserer ho at DNS har ansvar for å forvalte både nynorsk og bokmål.

Departementet utanfor

Kulturdepartementet seier til NRK at det er teateret si leiing som har ansvaret for teateret sine kunstnariske val, og at det derfor òg er teateret som avgjer kva målform stykka skal spelast på. Departementet meiner at dei ikkje skal ha nokon medverknad på det kunstnariske.

Stikkord