Fransk kulturminister tabbet seg ut

Den franske kulturministeren Fleur Pellerin har vorte kraftig kritisert etter at ho ikkje kunne nemne ei einaste bok av den nylege nobelprisvinnaren Patrick Modiano.

Kulturministeren Fleur Pellerin tabba seg ut. Foto: OFFICIAL LEWEB PHOTOS/Flickr

I eit TV-intervju sto Pellerin flau tilbake etter at ho ikkje klarte å svare på spørsmål om Patrick Modiano sitt forfattarskap. Pellerin sa at ho og Modiano hadde hatt ein triveleg lunsj. I TV-intervjuet kom det altså fram at ho ikkje visste noko om den nylege nobelprisvinnaren.

Ho forklarte seinere at grunnen var at ho ikkje har hatt tid til å lese dei siste åra. Pellerin vart innsett som kulturminister i august i år. Då tok ho over etter Aurélie Filippetti.

Pellerin har måtte tåle hard medfart på sosiale medium etter kommentaren. Mange meiner at ein kulturminister bør ha større kjennskap til kultur enn kva den nåverande ministaren har.

Andre har reagert med forståing, ein person på twitter skriv at "om Pellerin hadde sagt ho hadde brukt kveldane sine på lesing, hadde ho vorte kritisert for ikkje å arbeide nok", ifølge dailymail.co.uk.

– Bør trekkje seg

Claude Askolovitch, kommentator i den franske utgåva av Huffington Post meiner at kulturministeren burde trekkje seg som følgje av hennar manglande kunnskap på område. Han meiner at dersom ein kulturminister ikkje eingong les, har personen ingenting i jobben å gjere. 

Forelesar ved Universitet i Oslo, Geir Uvsløkk, har ein doktorgrad i fransk litteratur og meiner at kulturministeren bør ha kjennskap til Modiano sitt arbeid.

– Ho burde ha kunnskap om forfattarskapen hans. Kanskje ho berre fekk hjerneteppe, men i hennar posisjon bør ein ha kunnskap om ein så viktig forfattar.

Historier frå krigen

Blant det som kjenneteikner verka  hans er at han fortel mange historier knytta til andre verdskrig.  Mykje av det han har skrive har òg handla om å hugse tilbake i tid. Dette stod i grunngjevinga til det svenske nobelakademiet då Modiano vert tildelt prisen. Modiano tek imot, i tillegg til heder og ære i litteraturmiljøet, åtte millionar svenske kroner.

Stikkord