Handlingsplan for gatekunst i Oslo

Byrådet vil i løpet av kort tid handsame ein handlingsplan for gatekunst i Oslo.

Den italisenske gatekunstnaren ZED1 besøkte Oslo i sommer. Verket heiter katten og kan finnast på Grünerløkka. Foto: Lene Sørøy Neverdal

Harald Nissen (MDG) fremja i fjor eit forslag om å lage ein handlingsplan for gatekunst i Oslo. Kulturetaten har vidare arbeida med handlinsgplanen, som har levert den vidare til bystyret.

– På grunn av bystyreskifte har planen enno ikkje blitt handsama, men det forventast at det nye bystyret skal sjå på planen snarleg, seier kommunikasjonsansvarleg Kjersti Tubaas.

Tubaas kan ikkje kan gje noko vidare informasjon om planen. Men ho er positiv til at eit nytt og handlingtørst bystyre skal vurdere planen.

Kan fremje identitet

I Oslo har det lenge vore nulltoleranse for gatekunst og grafitti. Dei siste åra har det likevel dukka opp mange ulike veggkunstverk jevnt over i byen.

– Gatekunst kan fremje identitet og stoltheit, seier Victor Gjengaar som som er leiar for Foreningen for Urban Samtidskunst.

Viktor Gjengaar arbeidar no for Tøyenløftet der dei mellom anna planleggast å lage eit  utandørs kunstgalleri.

– Korleis gatekunst vert motteke varierar frå område til område. På Tøyen, der det er stort mangfald, er det stor toleranse for kunstnariske uttrykk i byrommet, seier Gjengaar. Løfter TøyenSteffen Kverneland sin versjon av Skrik bidreg til å løfte Tøyen visuelt. Foto: Lene Sørøy Neverdal .

Oslo som gatekunst-by

Målet med forslaget om å lage ein handlingsplan for gatekunst er å gjere Oslo til ein av Nordens fremste byar for grafitti og gatekunst. Forslaget vart einstemmig vedteke i bystyremøte desember 2014.

Harald Nissen, som fremja forslaget har no fått ny rolle som leiar for kultur- og utdanningsetaten. Det blir spanande å følje det nye bystyret si handsaming av handlingsplanen.

Stikkord