iTromsø felt i PFU
Helse Nord RHF fekk medhald i klage på lesarinnlegg frå eit samstemt utval
PFU konkluderte tysdag med at iTromsø har brote god presseskikk, i henhald til Vær Varsom-plakatens punkt 4.14 om samstundes imøtegåing.
Klaga gjaldt lesarinnlegget "Skandale og korrupsjon", som iTromsø publiserte 2. juni 2015. Her framgår påstandar om at Helse Nord skal ha brote lova om offentleg anbod då dei fekk elektronisk pasientjournal.
Fekk ikkje møte kritkken
Klagaren, kommunikasjonsdirektøren i Helse Nord RHF, seier at fleire utsegn i innlegget utløyser ein rett til samstundes imøtegåing, noko parten ikkje fekk. Helse Nord RHF meinte at det førelåg brot på VVP punkt 4.14, og at dei ikkje hadde fått høve til å svare på kritikken. Eit samla PFU var einige i sekretariatet sitt forslag, og felte iTromsø på nemnte punkt.
Klagaren haldt også fram brot på punkt 4.1 om saklegheit og omtanke. iTromsø vart ikkje felt for sistnemnte.
Vedkjenner feil
I tilsvarsrunden viste iTromsø til ei orsaking, publisert dagen etter innlegget, men sa seg einig i at innlegget ikkje skulle vore publisert utan samtstundes tilsvar. Før møtet uttrykte redaksjonen at dei var "(...) beredt til å ta den eventuelle kritikk som måtte komme".
Samstemt PFU
Samtlege i utvalet slutta seg til sekretariatet sitt uttalingsforslag om å felle iTromsø for brot på 4.14.
"(...) Innlegget inneholder påstander av faktisk art som utløser en slik rett for at klager til å få ta til motmæle. Når så ikke skjedde var ikke den påfølgende beklagelsen tilstrekkelig for å oppveie overtrampet", heiter det i uttalinga.
Eit gjentakande problem
PFU-leiar Alf Bjarne Johnsen uttalte på møtet at dagens iTromsø-sak utløyser "(...) en 4.14-situasjon som vi til kjedsommelighet gjentar sjangeruavhengig, som også gjelder leserbrev og -innlegg". 4.14 er blant punkta PFU feller hyppigst på.