Jon Fosse er prisfavoritt
Kan vinne Nordisk råds litteraturpris.
Prisutdelinga finn stad tysdag kveld, og Jon Fosse (56) er nominert for sin trilogi "Andvake" (2007), "Olavs Draumar" (2010) og "Kveldskvævd" (2012).
Litteraturanmeldar i NRK, Marta Norheim, meiner trilogien har sterke kvalitetar, og trekk Fosse fram som favoritt, skriv NTB. Ho held fram med at prisen har fleire andre gode kandidatar, men at det korkje vil vere overraskande om Fosse vinn, men heller ikkje overraskande om han ikkje vinn.
To nordmenn er nominerte til Nordisk råds litteraturpris i år. I lag med Jon Fosse er Kristine Næss sin "Bare et menneske" kandidat til å motta prisen.
Tidlegare har ti norske forfattarar vunne litteraturprisen. Førre var Merete Lindstrøm som vann i 2012.