NRK braut vallova - må punge ut

Under valdagen klarte NRK å røpe førehandsstemmene 11 minutt før sperrefristen. Difor vert dei ilagt eit gebyr på 600 000 kroner.

NRK må betale 600 000 kroner i overtredelsesgebyr på grunn av ein menneskeleg feil. Foto: KaVass/Flickr

Sjølv om NRK var snare med å beklage i etterkant av lovbrotet, må dei bite i det sure eplet og betale 600 000 kroner i overtredelsesgebyr. Dette melder Medietilsynet.

Det var på valkvelden under eit intervju med Hadia Tajik at NRK offentleggjorde resultatet på førehandsstemmene for Arbeiderpartiet, både på landsbasis og i Bergen. Ifølge vallova paragraf 9-9 kan man ikkje publisere valresultat eller prognoser før seianst kl 21.00 på kvelden. Denne lova er til for å unngå at tala skal påverke stemmarane og dermed resultatet.

Per Arne Kalbakk, nyheitsdirektør i NRK, seier til NRK at dei var førebudd på ein reaksjon frå Medietilsynet, og er einige i at det var eit klart brot på vallova. Det som kan vere aktuelt å anke på er gebyrets storleik.

I Medietilsynets vedtak kjem det fram at dei tilsette ved NRK hadde fått tydelege beskjeder om viktigheita av å ikkje publisere prognoser eller målingar før kl 21.00 på valkvelden. Likevel skjedde det, og ifølge NRK skulle det skyldast ein menneskeleg feil. Medietilsynet meinar det må forventast at kringskastaren av valet burde ha "tilstrekkelige rutiner for å hindre at opplysningar vert offentleggjort før det tillatte tidspunktet". Difor meinar Medietilsynet at NRK handla uaktsomt i denne saka.

Stikkord