Ny nyheitsdirektør i NRK

Alexandra Beverfjord går frå å vere reportasjeredaktør til å bli nyheitsdirektør i NRK Nyheter.

Alexandra Beverfjord tek over stillinga som nyheitsdirektør i NRK Nyheter. Foto: Marte Garmann/Flickr

Per Arne Kalbakk går av som nyheitsdirektør for å tre inn i den nyoppretta stillinga som etikkredaktør. Den nye nyheitsredaktøren vart offentleggjort onsdag, og er den 38 år gamle Alexandra Beverfjord, melder NRK.

Ho har arbeidd som reportasjeredaktør i NRK sidan 2013. Tidlegare har jo vore journalist hos Dagbladet, og var nyheitsredaktør der frå 2010 til 2013.

– Dette er ein jobb eg gler meg til å komme i gong med. I ein tid der mediebransjen er i valdsam endring, er det viktig at vi klarer å oppretthalde og vidareutvikle eit godt tilbod innanfor den tunge journalistikken, seier Beverfjord til NRK.

Til stillinga som nyheitsdirektør var det tolv søkarar.

 

Stikkord