Gatekunst skal styrke Oslo som kulturby

Handlingsplan for gatekunst er nyleg lagt fram for bystyret.

Gatekunstnaren Etam Crus sitt verk "Sleeper" er med å forskjønne Gamlebyen. Foto: Lene S. Neverdal

Oslo kommune vil med sin nye handlingsplan for gatekunst legge til rette for og anerkjenne gatekunst som fullverdig kunstuttrykk likestilt med andre visuelle kunstformer. Gatekunsten skal fungere som identitetsbyggar og bidra til utforminga av Oslo sine urbane byrom.

Fleire lovlige veggar

Bystyremedlem Ivar Johansen har på sin blogg lagt ut eit innlegg om handlingsplanen og ei oppfordring til folk om å komme med si meining. Han skriv mellom anna at handlingsplanen skal skape nye mogelegheiter for utfoldelse for kunstnarar, barn og unge som har gatekunst som sin uttrykksform.Friareal for grafittiBakgården til Hausmania er eit av få friareal for grafitti i Oslo. Foto: Lene S. Neverdal

- Det er bra at vi får ein plan for denne kunstformen og at gatekunstnarane kan få stadar å utfolde seg, seier Johansen på telefon. Han legg til at det vil bli lagt til rette for fleire lovlege veggar i Oslo. 

Oslo har tidlegare hatt nulltoleranse for tagging og grafitti, men med den nye handlingsplanen vil det opne opp for ei mykjare haldning for kunstutfoldelse på midlertidige installasjonar som gjerder rundt byggeplassar og liknande.

 

Bydelsløft

På tross av nulltoleranse har det dukka opp ulike veggkunstverk jevnt over i byen, spesielt på austkanten av Oslo. Victor Gjengaar, leiar for Foreningen for Urban Samtidskunst, har tidlegare sagt til Journalen at slike type kunstverk oftast blir godt motteke.

– Korleis gatekunst vert motteke varierar frå område til område. På Tøyen, der det er stort mangfald, er det stor toleranse for kunstnariske uttrykk i byrommet, seier Gjengaar.Løfter TøyenSteffen Kverneland sin versjon av Skrik bidreg til å løfte Tøyen visuelt. Foto: Lene Sørøy Neverdal

Gatekunsten er ein vikrig del av Tøyenløftet, og Steffen Kverneland sin Munch har fått ein heilvegg i Jens Bjelkes gate. Maleriet har blitt godt motteke, og Tøyen sine innbyggarar set pris på at Munch blir på Tøyen, sjølv om Munchmuseet forsvinn.  

Ivar Johansen trekk fram heilveggar med gatekunst som ein mogeleg tiltak for å fremje Oslo som gatekunstby.

- Ein kan alltid diskutere kva som er god og dårleg kunst, men vi har erfaring med at heilveggar utsmykka med gatekunstverk bidreg til å forskjønne heile områder, seier Ivar Johansen.

I Johansen sitt blogginnlegg om gatekunst skriv han: "Gatekunst handler om å ta en plass i det offentlige rom, og å gi uttrykk for meininger der folk ferdes. Gatekunst handler også om å tilføre det offentlige rom estetiske kvaliteter, peke på det uanselige eller prege det forfalne med skjønnhet."BodskapGatekunst kan gje uttrykk for meiningar der for ferdast. Foto: Lene S. Neverdal

Gatekunstfestival

Eit ynskja tiltak i handlingsplanen er å starte ein gatekunstfestival. I Stavanger er det ein gatekunstfestival som har gjeve byen status som gatekunstby nummer ein i Noreg. No ynskjer Oslo å ta opp konkurransen om denne tittelen. 

Handlingsplanen for gatekunst vart lagt fram for byrådet torsdag 14. januar og er no til handsaming hos fagkomiteen. Kjersti Tubaas, pressekontakt i Kulturetaten er glad for at handlingsplanen er under behandling.

- Vi har jobba mykje med planen og gler oss til å setje i gong spennande kunstprosjekt, seier Tubaas.

Planen skal handsamast av bystyret 2. februar.

Stikkord