Eldsjel kåra til årets forbilde
Aziz Ur Rehman vann prisen "Årets forbilde 2018" for sitt engasjement for barn og unge med minoritetsbakgrunn.
Måndag 5. november var det stelt i stand for prisutdeling av Årets forbilde 2018 på Nobels Fredssenter. Prisutdelinga var i regi av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Bufdir, og sjølve prisen vart delt ut av barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.
– Imponert over frivillig arbeid
Juryen, som vel ut ein vinnar av alle forslaga som kjem inn, ser etter eldsjeler som blant anna er gode rollemodellar, fremmer likestilling og motarbeider diskriminering på grunnlag av blant anna kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet. I år gjekk prisen til Aziz Ur Rehman.
– Vi blei veldig imponert over det frivillige arbeidet han gjer. Han arbeider direkte med ungdom ved å arrangere sosiale arrangement, samtidig at han jobbar på eit høgare politisk nivå, seier Hilde Mortensen Sandvær som er leier av juryen og nestleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdsomsorganisasjoner (LNU).
Rehman fekk prisen for sitt store engasjement for barn og unge med minoritetsbakgrunn, spesielt i lokalmiljøet i Søndre Nordstrand. Der arrangerar han sosiale samkomstar for barn og unge, språkkurs og datakurs, og diverse anna for å gjere både unge og eldre meir aktiv i samfunnet. Han har også tatt på seg forskjellige verv i bydelen som klassekontakt, FAU-leiar og driftsmedlem på skulen der barn med minoritetsbakgrunn er i stort overtall.
På fritida leier han Radio Voice of Oslo FM 99.3, som sender på ulike språk og tar for seg aktuelle samfunnsspørsmål der lyttarane er aktivt med i debatten.
Nye reglar til neste år
Kvart år får Bufdir i oppdrag frå Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonane å sørge for utdelinga av denne prisen. Eit av kriteria juryen skal sjå på er at vinnaren skal vere ein vaksen person med innvandrarbakgrunn.
– Kriteria blei satt då prisen vart innført, og har ikkje blitt revidert sidan. Dei vil reviderast no etter dette. Vi ser at det er mange andre som også gjer ein god innsats, seier Trine Lise Hoffmann frå Bufdir.
Programmet for utdelinga besto blant anna av tre underhaldningsinnslag og fleire talarar.