Studentar utvekslar språk

På tvers av kulturar skal ein no kunne utveksle språk i eit sokalla språktandem. Ei ordning der studentane kan lære språk over ein kaffikopp.

Det er veldig vanleg å utveksle språk over ein kopp kaffi. Illustrasjonsfoto: Ahmed Hashim/flickr

Torsdag 22. januar startar seksjon for internasjonalisering ved HiOA opp språktandem att. Språktandem er ein populær måte å lære språk for utvekslinsstudentar, – ikkje berre i Noreg. Ein treff internasjonale og lokale studentar over ein gratis kopp kaffi eller te, reklamerar dei på facebookhendinga si.

– Målet er å få ein kopling mellom internasjonale og lokale studentar. Det skal vere eit lågterskeltilbod, og gjere det lettare for internasjonale studentar å kome i kontakt med dei lokale studentane for å praktisere språk på tvers av kulturar, kunne fyrstekonsulent hos seksjon for internasjonalisering Henriette Andersen fortelje.

Spansk på topp

Skulespråka toppar lista over etterspurde språk. Flest studentar ynskjer å praktisere spansk, medan tysk og fransk ikkje kjem langt etter. Andersen kunne òg fortelje at mandarin var populært i år, og at dette kanskje er av di studentar med ein eller to forelder frå Kina ynskjer å praktisere språket til familien.

Kopla 32 par

Av 130 påmelde studentar til språkkafeen har internasjonal seksjon ved HiOA klart å kople 64 studentar. Det hender at ikkje alle som melder seg på får ein partnar.

– Nokre gonger er det berre er ein som spør etter eit språk, andre gonger går det ikkje opp i opp med studentar som ynskjer same språk, seier Andersen.

Dei tilrådde å melde seg på innan 15. januar, men fortvil ikkje, språkkafé kjem til å halde fram kvar månad ut semesteret.