Får halda fram med gratis barnehage

Gratis kjernetid i barnehagen har gitt resultat på fleirkulturelle Stovner.

Fleirkulturell: Over 90% av elevane ved Rommen skole har minoritetsbakgrunn. Foto: Amalie Lereng

Årets statsbudsjett gir bydelen midlar til å halda fram med prosjektet om gratis kjernetid, som gir alle 4- og 5-åringar på Stovner tilbod om 20 timar gratis barnehage i veka.

- Svært gledeleg, seier Vivian Abbi Johnsen, prosjektleiar i bydelen.
 


 

Forbetra språk

 

På landsbasis vil regjeringa bruka 68,8 millionar kroner på satsinga i 2011.

Gratis kjernetid er eit samarbeid mellom staten og Oslo kommune for å betra norskkunnsskapane til minoritetsspråklege barn.

I Oslo er seks bydelar med høg andel innvandrarbefolkning inne i ordninga, som tredde i kraft på Stovner i 2006.

 

Godt brukt

 

Prosjektleiar Abbi Johnsen har gode erfaringar med prosjektet:

   - Ordninga er veldig godt brukt. Me ser at ein større andel av 4- og 5-åringane i bydelen går i barnehage no, enn før prosjektet starta, fortel ho.

Trass i satsinga, blir majoriteten av innvandrarane på Stovner framleis verande heime med barna før skulestart.

    - Men det er klart fleire barn i alderen fire til fem år i barnehagen enn i andre aldersgrupper, seier Abbi Johnsen. Ho meiner satsinga på gratis kjernetid er ei sterkt medverkande årsak til dette.

 

Betre resultat

Hovudmåla med gratis kjernetid er å bu barna på skulestart gjennom inkludering og språkopplæring. Ifylgje Abbi Johnsen har satsinga på Stovner gitt resultat:


 - For å sjå resultata må me lena oss på skulane. På Rommen skole til dømes, har kull som har vore med på prosjektet gjort det betre på nasjonale prøvar i 2. klasse enn kulla før dei. Det er ei samla oppfatning at betre språkkunnskapar er ei årsak til dette, seier Abbi Johnsen, og presiserer:

 

 - Me er avhengige av tilbodet om gratis kjernetid for å halda oppe denne utviklinga. Fleire foreldre, og då særleg dei med innvandrararbakgrunn, hadde ikkje hatt økonomi til å senda borna i barnehage om det ikkje hadde vore for prosjektet.

 

Fleire midlar

Også i barnehagane har tiltaket blitt godt motteke, og Paal Christian Kvestad, styrar ved Vestlisletta barnehage, stiller seg positiv til satsinga:

- Mellom anna kjem det fleire midlar til innkjøp av bøker og spel, som jo er med på å betra læringa av språk. I tillegg får me fleire midlar til å senda dei tilsette på forelesningar om språklæring.

 

- Prosjektet har ført til at fleire minoritetsspråklege barn i alderen fire og fem år går i barnehage. Har dette bydd på utfordringar for dei tilsette?

 

- Ja, det kan ein seia. Fleire av barna kjem ikkje inn i barnehagen før dei er fire eller fem år, og kan difor ikkje språket. Då får me kortare tid på oss til å jobba med dei, noko som jo er ei utfordring, seier han. 

- Ikkje alvorleg

 

Kvestad presiserer likvel at endringane for dei tilsette ikkje er alvorlege:
  

- Ein kan seia at prosjektet har vore med på å forsterka det me allereie jobbar med i ein fleirkulturell bydel, nemleg språket. Prosjektet har sett fokus på språk, men i ein bydel som Stovner ville dette ha vore der uansett, avsluttar han.