Lærer sirkuskunster på Aktivitetssenteret

Kvar onsdag vert Ammerud Aktivitetssenter snudd på hovudet. Då er det nemleg tid for sirkuskurs.

Sirkusinstruktør Morten Uglebjerg Norli har gode erfaringar med sirkuskurs for born. Azizcan Gøzlek vil bli like flink.

– Sjå på meg, ropar borna i kor, medan dei prøver å fange merksemda til sirkusinstruktør Morten Uglebjerg Norli med stadig høgare kast og spenstige triks.

Ammerud aktivitetssenter starta i haust sirkuskurs, der borna vert lært opp i sirkuskunstar som akrobatikk, sjonglering og klovning. Kurset er opent for alle born frå 4. til 7. klasse. Dei slår hjul, stupar kråke og står på hovudet, og både lyd- og engasjementsnivået er høgt.

– Eg elskar det, utbryt Renusha Rajkumar, og får bekreftande nikk frå borna rundt.

Enno i oppstartsfasa

Habib R. Tahir er seksjonsleiar for aktivitetseininga i bydel Grorud, og tek aktivt del i den daglege drifta ved aktivitetssenteret.

– Inspirasjonen til prosjektet fekk me frå Bjerke, fortel han.

Nysirkus Bjerke vart oppretta allereie i 2007, som eit tiltak innanfor Groruddalssatsinga. Tilbodet er framleis svært populært, og dei har oppnådd stor suksess med eigne førestellingar.

– Her på Ammerud er me enno heilt i oppstartsfasen, og treng tid for å etablere tilbodet skikkeleg, forklarar Tahir, som håpar på fleire deltakarar i framtida.

Tidlegare har det vore opp mot 13 born på kurset, men denne onsdagen er det berre tre som møter.

– Men eg trur absolutt det er behov for noko slikt i nærområdet, seier Tahir.

God læringsarena

– Borna får mykje attende av å vera med, meiner sirkusinstruktør Morten Uglebjerg Norli, som har årelang erfaring med å lære opp born og unge i sirkuskunstar.

Han peikar på at borna får god sosial trening ved å måtte samarbeide i grupper, og at sirkus høver godt som pedagogisk ramme. I manesjen er det plass til alle, anten ein er den fødde entertainar og komikar, er god på akrobatikk eller vil kjenne kriblinga i magen metervis over bakken.

– Sirkustrening inneber så mykje ulikt, slik at alle kan finne noko dei er gode på, fortel Norli.

– Me er opptekne av å femne om alle, og på den måten gje borna ei mestringskjensle dei kanskje ikkje får andre stader.

Nysirkus i byen

Sjølv er Morten Uglebjerg Norli utøvande nysirkusartist, og var med på å starte opp borne- og ungdomsgruppa Sirkussmulene i 2002. I Nysirkus finn ein ikkje løver, elefantar og dresserte hundar, men i staden reindyrking av klassiske sirkusferdigheiter som akrobatikk og sjonglering. Ein kan også nytte verkemiddel som teater, dans og lyssetting.

– Det dreier seg om å lage ei heilskapleg førestilling, som ofte tek for seg eit bestemt tema og inneheld ein bodskap, forklarar Norli.

Dei siste åra har interessa for nysirkus vore aukande, og kulturskuler landet rundt har starta opp med kurs.

– Sirkusmiljøet her i Noreg er nokså lite. Det er flott at stadig fleire unge får opplæring innanfor nysirkus, og det vert spennande å følgje utviklinga framover. Håpet er at me kan klare å etablere ein sterkare sirkustradisjon også her til lands, fortel Norli.