Vil spare pengar på kaldare basseng
Idrettsetaten i Oslo føreslår å senkje temperaturen i offentlege basseng med éin grad.
Dette kjem fram i budsjettforslaget som idrettsetaten la fram i vår.
- Tiltaket vil kunne spare inn omtrent ein halv million kroner, fortel informasjonssjef i bymiljøetaten, Alise Davidsen.
Forslaget skal drøftast i desember, då bystyret startar budsjettforhandlingane. Eit eventuelt vedtak vil omfatte alle offentlege basseng i Oslo, med unntak av bada på Bøler og Romsås.
Innanfor anbefalte temperaturgrenser
Dei fleste av Oslo kommune sine basseng held i dag ein temperatur på 28 grader. Dette er éin til to grader over standarden i mange andre land.
- Det vert anbefalt at vatnet i idrettsbasseng ligg mellom 26 og 28 grader, fortel president i Norges Svømmeforbund, Per Rune Eknes.
- For våre brukarar er det dermed ikkje noko problem om vatnet vert éin grad kaldare, seier Eknes.
Kritiserer kommunen
Svømmeforbundet ser likevel svært kritisk på utvilinga.
- Ei senking av temperaturen er berre eitt av fleire tiltak som svekkar det heilskaplege svømmetilbodet. Kommunen tenkjer berre på å spare pengar, hevdar Eknes.
Divisjonsdirektør i bymiljøetaten, Anne Farseth, svarar på si side at etaten må handle innanfor dei gjeldande budsjettrammene som politikarane vedtek.
- Me er opptekne av at brukarane skal få best mogelege tenestar innanfor dei tilgjengelege rammene, understrekar ho i ein epost.
Brukarar vil bli høyrt
- Éin grad er greit, men då må dei stoppe der, meiner Elisabeth Hamnøy på veg inn på Nordtvet bad.
Ho er redd kommunen vil halde fram med å senkje temperaturen litt etter litt.
- Eg synest dessutan dei burde ha hatt ei brukarundersøkjing før dei senkar vasstemperaturen, sidan det faktisk er våre bad, seier Hamnøy.
Saman med venninna Tyra Wibam tek ho turen til dei offentlege bada så ofte ho kan. Dei er jamnt over fornøgde med svømmetilbodet i byen, og Wibam, som er frå Sverige, fortel at bassenga i heimlandet er langt kaldare.
- Ein bør ta hensyn til folk med spesielle behov grunna revmatiske plager og liknande. Også er det jo så deilig med varme, seier Wibam.