Rekordmange vil sykle til jobb
Bedriftsidretten ønskjer å få arbeidsplassar i betre form. I år har dei fått nærmare 30.000 med bak sykkelstyret.
For 43. gong arrangerer Bedriftsidretten aksjonen "Sykle til jobben", i håp om å få arbeidstakarar flest i meir aktivitet.
– Me er litt overvelda i år! Prosjektet har fått enorm interesse, og me ser at nærmare 30.000 har samla seg om dette målet. Det vekkjer kanskje eit konkurranseinstinkt hos folk, seier Emily Robertson, prosjektleiar i "Sykle til jobben".
Treningsløsning for de travle
Bedriftsidretten har jobba i over 40 år med å få fleire til å nytte sykkel som transportmiddel, og er nøgde med at så mange no støttar opp om aksjonen.
– Målet er å få fleire i kvardagsrørsle. Forsking visar at fire av fem nordmenn ikkje er nok i aktivitet, og me ser aksjonen som ei løysing for å få folk til å skvise inn trening i ein elles travel kvardag, seier Robertson.
Mange gevinstar
– For arbeidsplassen er det ei gylden anledning til å gjere noko gildt i lag. Å vere i aktivitet saman skapar eit unikt samhald og førebygge mobbing. "Sykle til jobben" kan fungere som eit bindeledd mellom tilsette, fortel prosjektleiaren.
Emily Robertson held også fram helse- og miljøgevinstar som grunnar til å melde seg på.
– Som bedrift kan ein sjå på "Sykle til jobben" som ein felles samlande aktivitet. Potensielt kan det redusere sjukefråver, og gje sunne, meir konsentrerte tilsette, seier ho.
Sporveien med sterkt sykkellag
Då bedriftsidrettslaget var på veg ned, var Zoran Stepanoski, trikkeførar i Sporveien Oslo, pådrivar for eit nytt, sterkt idrettsengasjement på arbeidsplassen. 400 tilsette er medlemmar av bedriftsidrettslaget, og mange har meldt seg på "Sykle til jobben i år".
– Veldig mange hos oss syklar til jobb. Flerie nyttar det som ei anledning til å vere i aktivitet, i staden for å dra på treningsstudio, seier Stepanoski.
Veldig få sjuke
Dei siste åra har fråveret sunke i Sporveien Oslo. Stepanoski er ikkje i tvil om kvifor.
– 80-90 prosent av våre tilsette har stillesitjande arbeidsoppgåver, og stadig fleire har forstått at det lønner seg å vere i aktivitet. Det har gjort at me, spesielt i Sporveien Trikk, har veldig lite sjukefråver.