Tore Tønne-saka vert teater
Denne veka finn Tore Tønne-saka vegen tilbake til norske aviser. Det skjer i ei nytolking av Bjørnstjerne Bjørnson, der verkelege menneske fortel om sine møter med maktpersonar og korrupsjon.
Teateret synast på Black Box teater i Oslo, og ein av dei som står på scena er tidlegare direktør i BA-HR, Kari Breirem.
Stykket Over Evne 3 er ei nytolking av Bjørnsons Over Evne 1 og 2, som mellom anna handlar om korrupsjon og maktutøving bak lukka dører.
Breirem var sentral i den såkalla Tønne-saka, der ho varsla styret i advokatfirmaet BA-HR om ein ulovleg faktura. Korrupsjonsjegaren Nigel Iyer deltek óg i stykket, der han deler sine erfaringar med korrupsjon.
Høyr radioreportasjen her.