- Sola fyller oss med ljos
Kan øyret sei når ein har eggløysing? Kva er kraniosakralterapi? Og er ljos healing? I ein radiodokumentar over tre episodar vert me betre kjende med alternativ behandling. Eit fenomen, som for mange er heilt ukjend, medan for andre er det ein viktig del av kvardagen.
Episode 1: https://soundcloud.com/pemykr/alternativ-behandling-episode-1
I denne episoden får du møte tre personar som utøver alternativ behandling. Ein healer, ein osteopat og ein refelksolog. Du får og vite meir om kva deira verksemd inneber.
Episode 2: https://soundcloud.com/pemykr/alternativ-behandling-episode-2
I denne episoden får du møte to personar som går til alternativ behandling, Gunilla som går til kraniesakralterapi og Hanna som går til akkupunktur. I tillleg har me snakka med ein hjerneforskar som forklarer mekanismer i hjernen som gjer at ein vel alternativ behandlig.
Episode 3: https://soundcloud.com/pemykr/alternativ-behandling-episode-3
I denne episoden skal vi få høre meir om kva alternativ behandling er, og korleis ein fører tilsyn med behandlinga.