Sjeldan framsyning: - Sterk historie

Ungdomsoperaen "Ingenting" skulle eigentleg bli sett opp i 2021, men vart avlyst grunna korona. No gledar solistane og barnekoret seg til å endeleg syne fram forestillinga.

Rollebesetninga i ungdomsoperaen "Ingenting"
Ungdomsoperaen "Ingenting" har allereie hatt stor suksess i både Danmark og England

«Ingenting» har premiere på Operaen fredag 3. november, og det blir ei etterlengta førestilling for mange. Dei skulle eigentleg setje opp operaen i 2021, men korona sette ein stoppar for dei.

Simen Bredesen er solist i førestillinga som er basert på ungdomsromanen til Janne Teller. Han kan fortelje om kor tøft det var når produksjonen vart avlyst.

— Alle var heilt knekt, både barna og dei bak produksjonen. Derfor betyr det veldig mykje for oss å endeleg få syne den fram.

Nå er produksjonen i gang igjen og det øvast for fullt før premiera.

Opera av og for ungdommar

Hedda Høgåsen-Hallesby
Hedda Høgåsen-Hallesby gledar seg til å endeleg ha premiere på "Ingenting". Foto: Kjersti Hareland

Hedda Høgåsen-Hallesby jobbar som dramaturg på Operaen og er ansvarleg for alle pressemeldingar, trailerar og scenebilete som skal ut før premiera. Ifylgje ho er det sjeldan at det blir sett opp ungdomsoperaer.

— Operaen handlar om klassa 8D frå ein stad i Danmark som akkurat har starta på ungdomsskulen. Det er når alle kjem attende på skulen at Pierre påstår at ingenting har ei meining, og han set seg i eit tre fordi ingenting han gjer betyr noko.

Høgåsen-Hallesby fortel at dette skapar reaksjonar hjå klassekameratane hans, og dei vil bevise for Pierre at livet har ei meining.

Derfor byrjar dei å samle inn ting som betyr noko for dei, som gamle kosebamsar og kostymer. For å vise at dette har ei meining skal dei til slutt tenne på alle tinga med affeksjonsverdi.

Det byrjar med vanlege gjenstandar, før prosjektet tek ei uventa retning.

— Ein kan tenkje over kva ungdomsgjengar er i stand til å gjere når alle står saman om noko, nettopp å vise at Pierre tek feil. Det utviklar seg jo til at dei ofrar verre ting enn berre kosebamsar og kostymer, seier Høgåsen-Hallesby.

— Blåst av banen

Simen Bredesen i sminkestolen
Simen Bredesen får på seg parykken før generalprøva. Foto: Kjersti Hareland

Rolla som Pierre er Simen Bredesen si fyrste store hovudrolle han gjer i Operaen. Samtidig som han gjer «Ingenting», har han og rolle som Pluto i «Orfeus i underverda».

— Det har vore ganske hektisk, og eg er ganske sliten, men det er så utruleg artig. Spesielt å sjå alle borna på scena. Eg håpar folk blir like blåst av bana som meg av kor flinke dei er.

Sjølv meiner Bredesen at tematikken i «Ingenting» er relevant for alle.

— Ein tenkjer ikkje over at dette er en ungdomsopera, fordi forteljinga er ganske dramatisk.

Høgåsen-Hallesby er einig med Bredesen. Ifylgje ho inneheld operaen mange lag og opnar for refleksjon og diskusjon.

— Det er ei sterk historie som vekkjar tankar.

Stikkord