Kritisk arbeid i farleg område
Journalistane i "Dosh" skriv kritisk samfunnsjournalistikk med livet som innsats.
– Me prøver å støtte Dosh herfrå. Det er vanskeleg for oss å få visum til Russland, men når me slepp inn, prøvar me å møte journalistar og støtte dei i arbeidet deira, seier Ane Bonde Tusvik, regionssjef for Øst-Europa og Kaukasus ved Human Rights House Foundation i Oslo.
Ho fortel at situasjonen er vanskeleg i Russland og meiner at me som einskildpersonar er forplikta til å bry oss.
Magasin som tyder "ord"
– Sjå på denne pakka! Slike får me tilsendt frå Russland.
Tusvik lyftar opp ei tung, slitt pakke og peikar på frimerka. Ho trekker ut eit blad av pakka. Den inneheld russiske magasin med samfunnskritisk journalistikk. Det ser ut til å stå "Aow" på magasinet, men bokstavane er kyrilliske.
– På tsjetsjensk heiter det "Dosh", som tyder "ord", seier Tusvik.
– Dosh er eit av magasina som verkelig tør å skrive om dei vanskelege tinga, trass i at det er livsfarleg.
Redaktørane i Dosh, Israpil Shovkhalov og Abdulkhazhi Duduev, seier følgjande til Reporters Without Borders:
– Ingen av dei tilsette er trygge. Dette gjeld spesielt journalistane me har i regionen. Dosh er ikkje akseptert av myndigheitene der. Magasinet hisser dei opp noko voldsamt. Me hadde ikkje hatt noko problem dersom me hadde skrive om ufarlege ting.
Men det ynskjer dei ikkje å gjere.
Raske på tråden
I mars 2010 blei dei to, samt journalisten Zoya Svetova, teke til fange av maskerte menn. Dette var midt under arbeidet med ei litt vanskeleg sak.
Dei tre var på veg til ein intervjuavtale hjå presidenten i Tsjetsjenias naborepublikk Ingushetia. Republikken blir av mange sedd på som den farlegsaste for journalistar.
På ein aude strekning blei dei stoppa av fire kamuflasjeuniformerte menn og beordra ut av bilen.
– Journalistane visste kva dei dreiv med og var førebudd på å bli tekne. Så då dei skjønte at dei var i ferd med å bli kidnappa, rakk dei akkurat å ringe ein journalist i Moskva som jobba for Dosh og Caucasian Knot. Han spredde nyheiten slik at dei lokale myndigheitene i Ingushetia blei varsla. Etter berre 15-20 minutt slapp dei fri, fortel Ane Bonde Tusvik.
Dei uniformerte mennene fekk ein telefon og måtte sleppe fangane. "De var heldige denne gongen," sa dei.
Kjempar ikkje for journalistiske rettar
Eit anna medium som kjempar for å publisere kritikk uavhengig av myndigheitene, er Caucation Knot. Gregory Shvedov, som er redaktør for nettavisa, talte under Oslo Freedom Forum i mai om sensur i russisk media.
– Det er mange utfordringar i Nord-Kaukasus. Myndigheitene er ikkje det einaste problemet. Sosial apati og at journalistar ikkje kjempar for dei journalistiske rettane sine, er to andre problem, seier Shvedov.
Høyr Gregory Shvedov fortelje om journalistiske utfordringar i Nord-Kaukasus.
– I distriktet har me opptil 50 journalistar som er modige nok til å trykke historiene sine, og til å gje ei stemme til dei stemmelause. Eg trur dei kan bruke oss som ein god plattform for å få ut historiene, seier Shvedov.
Sjølv har ikkje Caucation Knot noko liste over tema dei ikkje dekker.
– Det er lett å sjå at me dekker alle typer saker. Me kritiserer utanlandske, nasjonale og regionale autoritetar, og det er ikkje einskilde namn me utelet i sakene våre.
Distribuerer vidare
Tusvik seier at arbeidet journalistane i Dosh gjer, er nyttelaust om ingen les stoffet. Difor sørgjer ho for å distribuere magasinet til asylmottak og andre interessenter slik at flest mogleg får med seg innhaldet.
– Elles er dei ganske strategiske sjølv. Dosh publiserer ikkje berre vanskeleg saker. Dei dekkjer sport og kultur og andre enklare tema, slik at fleire skal ha lyst til å lese magasinet.
Ho finn fram ytterlegere versjonar av Dosh.
– Det som er verdt å merke seg med Dosh, er at dei er veldig flinke til å minnast journalister som er drepne som følgje av arbeidet sitt. Både på forsida og baksida publiserer dei ofte bilete av drepne journalistar.
Ane Bonde Tusvik meiner at Dosh slik sett har teke opp arven etter Anna Politkovskaya.
– Ho heldt fram med å minne alle på kva for ein urett som råkar uskuldige menneske, så vel som journalistar - trass fara det medførte.
Blei heidra med pris
I 2009 fekk Dosh prisen "Fnac Press Freedom Prize", utdelt av Reporters Without Borders.
Generalsekræteren i organisasjonen, Jean-François Julliard, sa den gongen:
– I år skal me heidre eit beleira nyheitsmedium, Dosh. Magasinet har vist ei spesiell grad av djervskap og har nekta å ta alt for god fisk.
Dosh har dekka politikk og aktuelle saker i Tsjetsjenia og andre deler av det russiske Kaukasus sidan 2003. Magasinet fortsetter å operere mot alle odds i ein region der uavhengig presse aldri har vort høgt verdsett.