Noregs gløymde boksestjerne

Laurdag 3.mai er det premiere på dokumentaren om boksaren Magne Havnaa på Arendal Kino.

Laurdag 3.mai er det fyrste og einaste gong dokumentaren vert synt på kino. Foto: Facebook "Førpremiere på dokumentaren om Magne Havnaa"

Dette er fyrste og einaste gongen filmen vert synt på kino.

–- Eg føler Magne er vorte litt gløymd, seier Thomas Hansvoll, som er mannen bak dokumentaren.

Hansvoll har sjølv vore proffboksar i mange år. Då han byrja å boksa, var Havnaa hans store førebilete. Hansvoll står for både filming, regi og klipp. Det er òg han sjølv som har finansiert filmprosjektet.

Gløymd idrettsstjerne

Magne Havnaa dø i ei båtulukke attende i 2004 – berre 40 år gamal.

–- Etter han dø, har det vore lite skriv om han i media, seier Hansvoll og legg til at Havnaa på mange måtar er vorte ei gløymd idrettsstjerne.

Magne Havnaa bestemte seg for å verta verdsmeister i ein av verdas tøffaste idrettar då han var berre 14 år gamal. Han byrja som proffboksar i 1986 og konkurrerte til saman i 22 kampar, der han vann heile 19. I skrivande stund er han Noregs einaste profesjonelle boksar med VM-tittel.

Samarbeid med sonen

Sonen til Havnaa, Kai Robin, var berre 15 år då faren dø. Kort tid etter la han boksinga på hylla. Då han var 21, fann han hanskane fram igjen, og i dag har 24-åringen som mål å kome med i OL i Rio de Janeiro i 2016. Hansvoll har samarbeida tett med familien til Havnaa , og Kai Robin har vore ein viktig støttespelar i filmlaginga.

Dei to møttes på eit boksearrangement.

–- Kai Robin spurte rett ut om det ikkje hadde vore moro å gjort noko på faren, forklarar Hansvoll.

Den tidlegare proffboksaren trong ikkje å bli spurt to gonger. Kai Robin sat på alt av gamalt materiale, og saman byrja dei to på dokumentaren.

Magne HavnaaI skrivande stund er Havnaa Noregs einaste proffboksar med VM-tittel.Foto: Facebook "Førpremiere på dokumentaren om Magne Havnaa"Hard med seg sjølv

Hansvoll skildrar Havnaa som ein seriøs og mediasky boksar.

–- Han hadde ei enorm evna til å pressa seg sjølv, forklarar filmskaparen.

Han fortel at dokumentaren skildrar Magne sin veg fram mot VM-beltet. Sjåaren vert kjend med boksaren som person, og filmen vil innehalda kampar som aldri har vorte synt før.

 

Samstundes vil ein vitja samhaldet og det sterke bandet mellom Magne og storebror, Erling Havnå. Storebroren, som er mest kjend som «sleggemannen» frå NOKAS-ranet, var ein viktig treningspartner og støttespelar for Magne.

«Ei gripande historie om oppturar og nedturar – om korleis ein idrettsmann med små ressursar og enorm vilje når målet sitt», skildrar Kai Robin dokumentaren på sin facebookevent «Førpremiere på dokumentaren om Magne Havnaa».

På tv

29.mai er det ti år sidan Havnaa dø. Dette skal markerast, og i samband med dette vert dokumentaren synt på VIASAT. Hansvoll seier at den foreløpige datoen er sett til 23.mai. Men fyrst skal dokumentaren synast til, i fylgje sosiale media, ein fullsatt sal ved Arendal Kino.

Er du spent til laurdagens premiere?

–- Ja, dette er den fyrste ordentlege dokumentarfilm eg har laga, seier Hansvoll.

Tidlegare har han stått bak ein del mindre produksjonar.

–- Også vert det jo kjempegøy å sjå filmen sin på kino, avsluttar ein munter regissør fire dagar før dommen frå folket kjem.

Stikkord