Rekordstor studentgjeld
Ein av fire nyutdanna endar opp med gjeld på over 300 000 kroner.
- Det er litt skremmande når ein ser kor høgt lånet blir etterkvart, seier Ragnhild Schei. Ho har rundt 450 000 kroner i studielån, og har enno ikkje funne ein jobb som er relevant for utdanninga hennar.
Tal frå Universitas viser at ein av fire som enda utdanninga i 2008, har eit studielån på over 300 000 kroner.
- Dette kan vere bekymringsfullt, meiner professor i samfunnsøkonomi, Steinar Holden.