Talande bilete
Denne veka kan endeleg synshemma gå på kino med sine sjåande venner.
På Ringen kino i Oslo skal Simen og mamma May-Lene Sakshaug sjå Bestevenner (2009). I kinosalen får Simen høyretelefoner på, slik at han kan høyre tolkinga av filmen.
Synstolking er skildringar av levande bilete. Formålet er at synshemma skal få ein betre opplevelse av handlinga i ein film eller andre typar framsyningar. I Norge er selskapet Media LT pionerar innanfor synstolkning. Magne Lunde, ein av grunnleggarane i Media LT, har ambisjonar om at alle nye norske filmar skal tilretteleggast på ein slik måte.
I land som England er synstolking vanleg, både på dvd, kino og tv. Assisterande generalsekretær i Blindeforbundet, Arnt Holte, meiner visninga på onsdag er banebrytande for synshemmas.
Se nyhetsreportasjen her.