Studentar tek ikkje brannsikkerheit på alvor
Brannvesenet rykkar årleg ut over 300 gonger til studentbustadene i Oslo. Studentar er for sløve med brannsikkerheita, meiner Studentsamskipnaden i Oslo.
Tamar Beridze er ein av studentane som må gå ut av heimen sin fleire gonger i løpet av året av di brannalarmen gjeng.
Sigurd Dalen, informasjonsansvarleg i brannforebyggjande avdeling Oslo brann- og redningsetat, fortviler over at studetane ikkje gjeng ut når alarmen gjeng når dei sjølve trur det ikkje er fare.
– Studentane gløymer å skru av omnen når dei lagar mat, seier Trond Bakke, direktør i SiO Bolig til Journalen.