Enden for Endless?
Musikkstudioet Endless Tinnitus i Gamlebyen har vore ein institusjon for Noregs rockare i 35 år. No må dei ut av lokala sine.
Kommunen har selt tomta si i Schweigaards gate 44, kor Endless Tinnitus for tida leiger, til eigedomsselskapet ROM Eiendom. Dei ynskjer å byggje leilegheiter og næringslokalar.
– Mykje av kulturlivet i Oslo sit med kniven på strupa fordi folk skal tene pengar, meiner Kenneth Storkås, dagleg driver av studioet.
No er Kenneth og ROM Eiendom i dialog for å sjå om det er mogleg å finne ei løysing som båe to kan leve med.