Skattelister - til spott og spe
–For ikkje-skandinavar verkar offensleggjeringa av skattelistene som eit grovt overtramp av privatlivets fred, skriver AP.
Associated Press (AP) skreiv den 22. oktober ein artikkel der dei set søkjelys på skattelistene i her til lands. Norge er eit av svært få land der skattelister vert offentleggjort for alle.
Les artikkelen her.
Vettskremt
I eit trekk som ville vore utenkeleg i andre land, så har norske myndigheiter offentleggjort skattelista for 2008 til media, med hold i ei lov som er laga for å oppretthalde landets tradisjon om åpenheit, skriv AP i sin artikkel.
AP er tydeleg overraska over kor lett tilgjengeleg informasjonen om inntekt og formue til kvar enkelt innbyggjar er i Norge. Dei legger blant anna ut oversikten over inntekta til Bjørn Dæhlie og Liv Ullmann, og er forundra over at man kan få informasjon om lønningane til alle. Frå samar og reinsdyrsbønder i nord, til alle i komiteen som har valt president Obama til vinnaren av Nobels Fredspris.
Vidare skriver AP at de fleste andre europeere, inkludert folk i Storbritannia, Italia og Nederland, har andre holdningar når det gjeld åpenhet og privatliv. Dei ville vore vettskremt av eit slikt opplegg.
Et alvorlig problem
Det er ikkje berre i utlandet folk ser på dette som eit alvorleg problem. Skattebetalerforeninga er sterkt imot offentleggjeringa av skattelistene. Dei ser på skattelistene som eit stort problem, og dei meinar at allmenheita ikkje har noko med kva folk tenar å gjere.
– No når skattelistene har blitt offentleggjort i fleire år ser vi også at dei skapar store problem i forbindelse med kriminalitet og identitetstjuveri, seier Gry Nilsen i Skattebetalerforeninga.
Skattebetalerforeninga har gjennomført underskriftsaksjonar for å prøve å stoppe offentleggjeringa av listene. I fjor samla dei over 10 000 underskrifter, som vart levert til finansminister Kristin Halvorsen, utan at det førte til noko endring.
Lav inntekt, mest imot
Ei undersøking, som vart gjennomført av Synovate for Skattebetalerforeninga, viser at 46 prosent av dei spurte er i mot publiseringa av skattelistene på internett.
– Det oppsiktsvekkande er at det er dei med lavere inntekt som er mest imot offentleggjeringa, seier Gry Nilsen. I denne gruppa er det 49 prosent som er imot listene, legger ho til.
Mange som er for skattelistene meiner at det er viktig at de blir offentliggjort for å beskytte demokratiet. Gry Nilsen seier at Skattebetalerforeningen også synes at listene fører med seg positive ting.
– Det er jo ein fordel med åpenhet i samfunnet, fleire fordelar kjem eg ikkje på for øyeblikket, seier ho.
Tidligare finansminister, Kristin Halvorsen, meinar at skattelistene er viktig for den offentlege debatten, skriv NRK.