Norge glad for atomnedrusting
- Eg er svært glad for at Russland no har ratifisert den nye Start-avtalen om reduksjonar av strategiske atomvåpen, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.
Regjeringen.no melder om at parlamentet i Russland godkjente den nye avtalen i dag. Avtalen er allereie godkjent for ratifisering i USA.
Den nye Start-avtalen er den viktigaste nedrustingsavtalen mellom USA og Russland på nesten 20 år. Avtalen avgrensar talet på utplasserte strategiske atomstridshovud til 1550 i kvart av dei to landa.
- USA og Russland har over 90 prosent av alle atomvåpna i verda. Desse landa har difor eit særleg ansvar for atomnedrusting. At den nye avtalen no kan tre i kraft er eit positivt steg i riktig retning, seier Støre.
- Reduksjonar i talet på atomvåpen er viktig for vår tryggleik. Eg vonar at den nye avtalen kan leie til ein enda breiare nedrustingsprosess, med større kutt i arsenala og kor alle typar atomvåpen vert medrekna. Målet er ei verd utan kjernevåpen, seier utanriksminister Støre i en pressemelding.