-Vil ikkje berre vere ungdomsalibi
To unge delegatar møter mandag i FNs generalforsamling for å representere norske barn og unge
Mandag var første dag på jobb for Rode Margrete Skullerud (20) og Usman Mushtaq (24) i Generalforsamlinga i FN i New York. Dei er ungdomsdelegatar i den norske delegasjonen, og deltar i forhandlingar. Hovudoppgåva er å følge opp arbeidet med barn og ungdom sine rettar, og tilrettelegging for ungdomsdeltaking i FN.
Sinnsjukt gira
– Vår rolle er å snakke på vegne av Noreg sine barn og unge. Vi skal arbeide mest med ein ungdomsresolusjon der ein av hovudsakene i resolusjonen er arbeidsløyse blant ungdommar i verda, seier Skullerud, som er sentralstyremedlem i KrFU. Ho fortel at dei neste to vekene blir intense. Ho ser fram til å halde tale for Generalforsamlinga, men ikkje minst forhandlingar og samarbeid med dei erfarne norske delegatane.
– Vi opplev å bli tatt på alvor, sjølv om vi ikkje alltid er einige med dei andre. Vi blir behandla som seriøse aktørar og ikkje berre som ungdomsalibi, seier ho.
– Eg er sinnsjukt gira akkurat no. Eg ser fram til å halde tala og til å oppleve forhandlingsdynamikken. Det er spennande at alle land er med og skal bli einige, det er ein enorm utfordring.
Lang tradisjon
Som ungdomsdelegatar representerer dei norske barn og unge gjennom Landsrådet for norske barn- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Det er ein lang tradisjon frå heilt tilbake på 70-talet at ungdom er med i den norske delegasjonen og følgjer forhandlingane i FN sin tredjekomite for menneskerettar som behandlar ungdomssaker. I år skal komiteen behandle ein eigen ungdomsresolusjon, som ungdomsdelegatane skal arbeide spesielt med.
– Delegatane gjennomfører forhandlingar på vegne av Noreg i generalforsamlinga, og er med å sikre at Noreg sine posisjonar er i tråd med norsk ungdom, seier generalsekretær i LNU, Martin Østerdal. Delegatane sit og forhandlar med andre nasjonar om konkret tekst i resolusjonane og held i tillegg innlegg for Noreg i Generalforsamlinga.
– Vi har sett at våre delegatar tidlegare har hatt heilt direkte påverknad i FN og fått konkrete saker inn i resolusjonar, seier Østerdal.
Ungdomsdelegatane er aktive i éin av dei 96 medlemsorganisasjonane i LNU, og blir nominerte av sin organisasjon. Deretter går dei igjennom intervjuprosessar i LNU.