Framleis mange utfordringar i Tunisia Gleder seg over ny grunnlov

Tre år etter revolusjonen har Tunisia no vedtatt ei ny grunnlov.

Tunisia sin ambassadør i Noreg, Sihem Seltene, er glad for ny grunnlov, men anerkjenner at landet framleis har store utfordringar. Foto: Tunisiske ambassade, Oslo

– Det er no tre år etter revolusjonen. Det har vore ein lang prosess, men vi har komt dit vi ville, seier Tunisia sin ambassadør i Noreg, Sihem Seltene til Journalen. Ho fortel at folk i Tunisia uttrykker glede etter nyhendene om at grunnlova er på plass. Ambassadøren ser no fram til valet, som sannsynlegvis vil finne stad til hausten.

 

Noko av det som har blitt mest lagt merke til er artiklar i grunnlova som garanterer kvinner og menn like rettar. Liknande grunnlovsartiklar fins ikkje i regionen.

– Denne grunnlova opprettheld og utbetrar rettar vi har hatt i over femti år, og no har vi i tillegg kjønnsbalanse i nasjonalforsamlinga, som det første landet i den arabiske og muslimske verda.

Høyr intevju med Shiem Seltene:

Overgangsregjering på plass

Statsminister i Tunisia, Ali Larayedh, trådte av for to veker sidan, og spørsmålet no er om dette kan vere byrjinga av ein demokratisk og økonomisk oppsving i landet. Likevel er det ikkje noko som har endra seg sidan Larayedh gjekk av.

– Han har vore involvert i dei daglege prosessane fram til no, men no får vi sjå kva den nye regjeringa vil gjere. Den tiltrer om nokre få dagar, seier ambassadøren.

Ho er forsiktig optimistisk til kva ei teknokratregjering kan få til.

– Med ei teknokratregjering kan vi nok ikkje vente på mirakel, situasjonen er veldig vanskeleg og dei kan ikkje trylle. Dei kjem til å prøve å stable økonomien på beina. Vi har mange store utfordringar, både økonomiske og sosiale, som er veldig vanskeleg å løyse.

Økonomisk krise dempar stemninga

Journalist i Tunis, Naveena Kottoor, melder for BBC at store delar av befolkinga i Tunisia ikkje har tru på at grunnlova vil gjere kvardagen betre for folk flest. Dette hovudsakleg grunna dei økonomiske problema i landet, som har vart i fleire år med mykje arbeidsløyse. Dette var òg ein av dei viktigaste grunnane til revolusjonen for tre år sidan. I tillegg er det misnøye med at grunnlovsprosessen har tatt for lang tid.

Ambassadøren trur at den nye grunnlova i tillegg til ei regjering av teknokratar kan vekke eit nytt håp for den økonomiske situasjonen i landet. Tunisia er avhengige av partnarar, som EU og mellom anna Noreg, som bidreg med økonomisk støtte på ulike måtar.

– Situasjonen er ikkje så bra akkurat no, men eg har tru på at det vil betre seg, seier ho.

Islamistparti firte på krava

Ein viktig grunn til at Tunisia no kom i mål med grunnlovsteksten er at det moderate islamistpartiet, Ennahda, ga seg på sine mest ytterleggåande posisjonar. Desse handla mellom anna om å inkludere referansar til islamsk lov i grunnlova. Ennahda held over førti prosent av nasjonalforsamlinga, og har hatt ein stor opposisjon mot seg i mange saker. At partiet gjekk med på å lette på fleire krav, har vore viktig for å komme til einigheit, melder Al Jazeera.

– I nasjonalforsamlinga er der medlemmar frå veldig ulike ståstadar, og det har vore veldig vanskeleg å komme til einigheit. Derfor er det ekstra bra at grunnlova vart vedtatt med konsensus. Det viser at alle har gitt litt og har vore villeg til kompromiss. Det gir denne hendinga endå større verdi, seier Seltene.

Pustar liv i den arabiske våren

Larbi Sadiki har kommentert grunnlova for Al Jazeera, og meiner at denne grunnlova bidreg til å halde liv i den arabiske våren, som ellers kan sjå ut til å ha døydd ut. Han meiner at prosessen i Tunisia er sterkare enn dei andre demokratiske prosessane i regionen, ettersom denne grunnlova vart vedtatt med tilnærma konsensus i ei ellers splitta nasjonalforsamling.

 

Stikkord