Tunisia vedtok grunnlov
Etter langvarig stampe i nasjonalforsamlinga.
200 av 216 i nasjonalforsamlinga i Tunisia stemte søndag for eit nytt grunnlovsforslag. Dette er den første gangen eit grunnlovsforslag har blitt vedtatt sidan den tidlegare presidenten, Zine al-Abidine Ben Ali, vart avsatt for tre år sidan, melder BBC.
Fastlåst
Arbeidet med grunnlova har i lang tid vore fastlåste forhandlingar mellom islamistiske og sekulære partar. Politikarar i nasjonalforsamlinga håper no at grunnlovsvedtaket kan gi inntrykk av ein ny stabilitet i Tunisia, ifølge BBC-journalist i Tunis, Naveena Kottoor.
For tida er Tunisia styrt av den nyleg utpeikte statsministeren, Mehdi Jomaa, som leiar ei midlertidig regjering beståande av teknokratar og andre uavhengige medlemmar. Det er ikkje fastsett ein dato for val i Tunisia.
Islamistparti letta på krava
For å få igjennom grunnlovsforslaget har det regjerande, islamistiske partiet Ennahda, svelgt fleire kamelar, ifølge BBC. Mellom anna har dei gitt slepp på henvisingar til islamsk lov. Grunnlova skal òg garantere religionsfridom, sjølv om det står at Islam er statsreligion.