Kortvarig merksemd om dei gløymde krisane

Juli i fjor presenterte Leger uten grenser ei lista over ti krisar dei meinte den norske pressa hadde gløymt i 2013. Dei store mediehusa tok sjølvkritikk og lagde alle ei sak på «krisane me gløymde» før dei igjen la lokk på problematikken.

- Kvifor er det slik at mange av desse krisane ikkje får noko politisk merksemd eller hjelp, spør lege Morten Rostrup til Leger uten grenser.
Dei siste tre åra har Leger uten grenser retta kritikk mot norsk media i samband med «dei gløymde krisane» og bede dei om å ta ansvar som vaktbikkje i samfunnet.

- Undersøkingar syner at det vert skrive meir om krisane i perioden me publiserar lista, men så stilnar det, seier Thale Jenssen, prosjektkoordinator for «Glemte krisar» i Leger uten grenser.
 

Gløymt virus

Rotavirus drep over 500 000 born kvar år og er ei kronisk krise som får lite merksemd i media. Viruset er den vanlegaste årsaka til diarè hjå born i heile verda. Det finst gode vaksiner og enkel behandling mot viruset, men fattige born får ikkje den hjelpa dei treng. Rotavirus stod øvst på kriselista til Leger uten grenser i fjor, men googlar ein rotavirus kan det sjå ut som krisa gløymt – nok ein gong.

Journalen har søkt opp heile lista til Leger uten grenser, og utfallet er det same. Det finst få eller ingen oppslag om dei ulike krisane – som ikkje er skrive i samband med «Dei gløymde krisane».

 

For mange krisar

Jenssen seier at ho forstår at media er selektive i kva krisar som får plass på framsida, men meiner media med fordel kan roa ned sensasjonsjaget.

- Poenget med vår kampanje og mediekritikk, er at me vil at media skal skriva meir om kroniske, gløymde krisar i verda. Også om kriser som ikkje har ein umiddelbar nyhendeknagg og sensasjon knytta til seg, men kontekster der mennesker lir i stillheit i årevis.

Prosjektet med «Dei gløymde krisane» botnar i Leger utan grenser sitt ynskje om å fortelje verda det dei ser ute i felten.
 

Trass merksemda rundt krisane er kortvarig, finn organisasjonen prosjektet vellukka; I byrjinga av juli skriv alle mediehusa i Noreg om krisane dei har gløymd gjennom året.

- Og det er jo difor me held fram med prosjektet, avsluttar Jenssen som no er i gong med «gløymde krisar 2014».


«Dei gløymde krisane 2013»

- Rotavirus drep over 500.000 born kvart år

- Tsjad: Et helsevesen i ruiner

Tørke, fattigdom, enorme flyktningstrømmar og hundre gonger dårligare legedekning enn i Noreg.  I Tsjad er kvart femte born underernært allereie før det vert født.

- Den sentralafrikanske republikk: Vald forverrar ekstrem humanitær krise

Ny konflikt rammar befolkningen i Den sentralafrikanske republikk, som allereie lev i kronisk krise. Landet er fanga: ikkje viktig nok til å få store bistandsmidlar, ikkje synleg nok til å få store naudhjelpspengar.

- Angrep på helsearbeidarar trugar med å stogga humanitær hjelp

I snart 150 år har nøytrale helsearbeidarar hatt rett og moglegheit  til å hjelpa sjuke og såra i krigssoner. Denne moglegheita  står no i fare.

- Sierra Leone: Eitt av fem born døyr før femårsdagen sin

Barnedødlegheita er den høgaste i verda. Mangelen på helsehjelp er ekstrem.

- Dagens medisiner maktesløse mot ny tuberkuloseepidemi

Multiresistent tuberkulose drep stadig fleire over heile verda. Medisinane er giftige, dyre og ineffektive. Ingen veit omfanget, og verda er uforberedt

- Afghanistan: 117 nyfødte born døyr kvar dag

Afghanistan er eit av verdas farlegaste stadar  å føde og å bli født. kvart år døyr over 40.000 afghanske born før dei rekk å bli ein månad gamle. I Noreg er talet rundt 100.

- Gatevald drep 20 kvar dag i Honduras

Gjengar og narkokarteller driv krig i Honduras’ gater. Resultatet er verdas høgaste drapsstatistikk. Verst går det ut over dei unge.

- To milliardar menneskjer manglar tilgang til livreddande kirurgi

Livsfarlege fødselskomplikasjonar, krigsskadar eller blindtarmbetennelser: Når verdas fattigaste treng operasjonar, har dei ingen stadar å gå.

- Stunting rammer 165 millioner barn

Mangelfull ernæring i dei første leveåra hemmar borns fysiske og mentale utvikling. Krisa er usynleg, skaden er uopprettelig.