Ingen fleire surrogatbarn til utlendingar

India er verdas største marknad for surrogatmødre, og vil frå og med onsdag ikkje tillate utenlandske kunder. Dette kan få store konsekvenser for fleire barnlause par.

Indiske kvinner skal ikkje lenger nyttast som surrogatmødre for utlendinger. Foto: Garry Knight/Flickr

Nettavisen kunne tysdag kveld melde om at Indian Counsil of Medical Research (ICMR) sendte ut ei melding til alle klinikkane i India som utfører surrogati om at det frå onsdag av ikkje lenger blir lov til å ha utanlandske pasienter.

Narendra Modi, statsminister i India, vart vald i 2014. Regjeringen hans har lukka surrogatimarknaden litt etter litt for utlendinger. Lovvedtaket har vore venta, og forslaget har vore til høyring sidan 2010. 16. oktober i år varsla Times of India om eit liknande vedtak. Det som framleis er usikkert er om indiske par som bur utanfor India også vert nekta denne tenesten. Denne gruppa utgjer den største kundegruppa i surrogatimarknaden.

I åra før Narendra Modi vart statsminister søkte kring 25 000 utanlandske par surrogatihjelp årleg.

Regulering av den medisinske marknaden starta for alvor i 2013, då indiske myndigheiter krevde at par som ønska surrogatihjelp måtte få ei bekrefting frå myndigheitene om at surrogati var akseptert i heimlandet. Dette påverka norske par, då norske myndigheiter ikkje gir slike bekreftingar.

Den medisinske turismen har blitt sett på som eit av satsingsområda til indiske myndigheiter. Tall Nettavisen har funne viser at helsesektoren i India omsette for 78,6 milliarder dollar i 2012, med ein årleg auke på kring 15 prosent. Det vart forventa at surrogatibehandling skulle utgjere 2,3 milliarder dollar, men det viste seg å vere så mykje som 12 milliarder dollar, seier dr Manasi Mishra til Nettavisen.