Migrasjonsverket held flyktningbustadar hemmeleg

Det har vore endå to nye brannar på flyktningbustader i Sverige det siste døgnet. Migrasjonsverket har beslutta å ikkje opplyse om kor planlagte eller allereie eksisterande asylbustader er.

Det svenske Migrationsverket vel å halde tett om kvar flyktningar i Sverige vert eller er busette. Foto: DFID- UK/Flickr

SVT kan melde om at det har brunne på 13 asylbustader kun i haust. Kun det siste døgnet har det vore to nye brannar på desse, forteller Aftonbladet.

Som resultat av dette har Migrasjonsverket valt å hemmeleghalde adresser for både planlagde og allereie eksisterande asylbustader.

Tysdag kveld i 21-tiden vart det meldt om ein mindre brann på ein skule i Färingtofta, som er under ombygging til å kunne nyttast som bustad for einslege flyktningbarn. Eit av vindauga var knuste og inne i bygningen kunne ein finne ei flaske med noko brennbart, melder Ronnie Lundgren, indre befal ved redningstjenesten i Skåne nordvest til Aftonbladet.

Ved 2-tida natt til onsdag var endå ein brann på ein framtidig asylbustad for kring 70 asylsøkarar meldt. Dette på ein førskule i Danderyd nord for Stockholm, som har vore under renovering til bruk. Ein av vekterne fekk stoppa brannen med pulverapparat. Bustaden skulle etter planen takast i bruk i november, melder SVT Nyheter.