110 000 har kryssa Middelhavet i 2016
Over 400 skal ha mista livet på vegen.
Så langt i år har over 110 000 flyktninger kryssa Middelhavet, melder VG. Dette seier tal frå Den internasjonale organisasjonen for migrasjon.
Hovudpulsåra Hellas
Tala skal vere minimumsestimater. Ruta over til Hellas ser ut til å vere hovudpulsåra for flyktningane: 102 547 flyktningar har kome til den greske halvøya frå januar i år, fram til måndag 22. februar.
Til samanlikning har 7 507 personer reist til Italia.
I 2015 skal det totale antal flyktningar som kom til Hellas ha nådd 100 000 i juli.
413 har døydd på flukt
Den austelge ruta, via Tyrkia til Hellas, viste seg å vere den farligste. Tal viser at 321 personar måtte bøte med livet på veg til Hellas, medan 92 personar døydde på veg til Italia, via den sentralmiddelhavske ruta.
Totalt sett skal 413 menneske ha døydd på flukt over Middelhavet.