Verdens eldste president vil ikkje slutte

Presidenten i Zimbabwe fyller snart 92 år, men vil fortsatt stille til val.

RUTINERT: Presidenten Robert Mugabe har vore statsoverhovud i Zimbabwe i 36 år. Foto: Malcolm Moore/Flickr

Heilt sidan 1980 har Robert Mugabe vore leiar i Zimbabwe. Det var på laurdag han presenterte sitt kandidatur i ein 30 minutters tale på TV, melder Hegnar.no. Han vil stille til val i 2018. Då vil han vere 94 år gamal.

Uro innad i partiet

Mugabe er leiar for ZANU PF, The Zimbabwe African National Union – Patriotic Front. Det har vore diskusjonar innad i partiet om kven som skal overta etter Mugabe. Dette mislikte Mugabe, som under ein tale trua med å "disiplinere" dei.

– Vi vil definitivt ta grep der vi meinar det trengs innad i partiet. Det er nødvendig at disiplinærpisken ikkje kun synast, men brukast, sa Mugabe.

Ei gruppe har stilt seg bak visepresidenten Emmerson Mnangagwa. Dei krever at Mugabe går av og lar Mnangagwa sleppe til makta.

6,6 millioners feiring

Zimbabwe er prega av økonomisk uro, likevel har presidenten store planar for feiring av sin 92-årsdag. Det skal feirast for 6,6 millioner kroner, blant anna med ei kake som visstnok skal vege 92 kilo, symbolsk nok.

Dette er likevel ei nedgradering frå i fjor. Då feira han bursdagen sin saman med rundt 20 000 gjester. Denne festen skal ha kosta 7 millionar kroner.

Utan straum og vatn

Parallelt med feiringa på søndag vil innbyggarane i Hamare, hovudstaden i Zimbabwe, vere utan vatn og straum store delar av søndagen grunna vedlikehaldsarbeid.