Spenning rundt presidentvalet på Island
Det har vore svært usikkert kven som stiller som presidentkandidatar før valet på Island i vår. Mandag kveld annonserte noværande president Ólafur Ragnar Grímsson at han stiller til gjenval endå ein gong.
Noverande president på Island, Ólafur Ragnar Grímsson, annonserte sitt kandidatur til det islandske presidentvalet på ein pressekonferanse måndag 18. april. Ólafur Ragnar Grímsson begynte sin første periode som president i 1996, og har no vore president i 20 år og 5 periodar. Ifølgje The Reykjavík Grapevine sa presidenten allereie i januar 2012 at han ikkje skulle stille til valet i 2012. Ifølgje same artikkel kom Grímsson også med liknande uttalelsar om at han ikkje kom til å fullføre inneværande periode.
Det var sterke spekulasjonar om kva mandagens pressekonferanse kom til å handle om. Mange trudde presidenten kom til å annonsere sitt kandidatur til presidentvalet, på tross av fleire uttalelsar om at han ikkje ville stille til val endå ein gong. I 2014 uttalte han til Monocle magazine at han ikkje kom til å stille til gjenval, noko han også gjentok i nyttårstalen sin.
Svært populær
Berre nokre dagar før Grímsson annonserte sitt kandidatur, annonserte også forfattar Andri Snær Magnússon sitt kandidatur. I lys av Grímssons kandidatur har to kandidatar valt å trekke seg: Vigfús Bjarni Albertsson og Guðmundur Franklín Jónsson.