Studentar syns mat- og straumprisane er for høge

Mat og straum blir dyrare og dyrare. Dette reagerer Alexander Hammer Sønvisen (22) og Lars Huva (22) på.

Alexander og Lars framfor Kiwi.
Studentane syns mat og straum er for dyrt. Foto: Marie Blindheim.

Sønvisen og Huva bur i kollektiv saman, og syns mat og straum blir alt for dyrt. Dei trur at både studentar og andre grupper i samfunnet kan få problem som følgje av disse utgiftene.

Dei to studentane meiner at forbruk av mat og straum er ein del av det å leve, og derfor burde folk ha råd til det.