"Hæstkuk" er ein av fleire sausar Drit forbanna sel. Foto: Malene Savland

Selger "Hæstkuk" på julemarked

"Drit forbanna" vekker oppsikt på Jul i vinterland i Spikersuppa.
Tirsdag, 27 november, 2018 - 14:08

Rundt Spikersuppa ved Nationaltheatret blir det kvart år rigga til med juleattraksjonar og forskjellige boder som seljer alt frå julegenserar til belgiske vaflar. Ei bod som skil seg ut er «Drit forbanna».

Stor etterspørsel

Namnet på bedrifta kjem av at Pål Dyrø-Gladsø laga mykje mat, men fann aldri riktig saus. Dette gjorde han «Drit forbanna». Han starta å eksperimentere, og fekk etterkvart stor etterspørsel frå gjestar som hadde smakt på sausane hans. I dag har bedrifta over 200 koloniale forhandlarar.  

– Han ville skape noko som er gøy, som skil seg ut. Namnet brenner seg fast, og det er litt poenget med det, seier Max Dyrø Finanger, som har vore med og hjelpe til frå byrjinga av.

– Nokon har kome og spurt korleis vi vågar å ha det namnet. Det er jo berre uskyldig humor, og ord som kjem frå dagligtalen til folk, legg han til. Dei meiner at det ikkje går personleg på nokon, og at det derfor er greit.


Gründerbedrifta “Drit forbanna” på Jul i vinterland. Foto: Malene Savland


Det var moglegheit for å smake på sausar som “Hæstkuk” og “Kinaputt”. Foto: Malene Savland

Ulike reaksjonar

Sjølv om Drit forbanna har fått nokre negative reaksjonar, tykkjer dei fleste at namna er artige.

– Det gjør seg med slike namn. Det er litt morosamt med slike varer, spesielt når ein har gjester på besøk, seier Sissel Vadstein medan ho smakar på gløggen dei tilbyr i boda. Ho legg til at ho assosierar namna med kraftig smak.