Athletica Domus opnar endeleg

Athletica Domus er nå pussa opp til dagens standarder.
Torsdag, 31 oktober, 2013 - 12:56


Athletica Domus er eitt av fire treningssenter under Studentsamskipnaden i Oslo.

– Treningsstudioet byrjar med ein opningsfest, seier direktør for SiO Athletica, Karin Herou, til Oslo Student-TV.

Herou fortel til Oslo Student-TV at bygget var 16 år gamalt og trong å oppgradera til dagens standard. Oppussinga skulle i utgangspunktet ha vore ferdig 7.oktober, men grunna forseinkingar vart opninga utsatt til fredag 1. november.

Større treningsareal og nytt studio er det som møter medlemmane på Athletica Domus. I samband med opninga inviterer treningssenteret medlemmar og ikkje-medlemmar til ekstraordinære aktivitetar, samt giveaways til dei fyrste som trenar.

Ernæringsfysiologar og personlege trenarar vil vere til stades under opninga. Gratis frukt, sprudlebrus og andre forfriskingar er òg ein del av velkomstkomiteen.

Grunna oppussingsarbeidet ikkje er ferdig i fyrste etasje, vil inngangen vere på baksida av bygget. På SiO si heimeside opplyser dei om avgrensa tilgang til andre etasje for dei medlemmar som ikkje kan nytte trapp. Den nye fyrste etasjen og resepsjonlokale skal stå klårt i januar 2014.