Nye sykkelvegar til HiOA

Dersom Oslo sin nye plan for sykkelvegar vert vedteke og gjennomført, kan syklande studentar forvente ein tryggare og betre skuleveg.
Tirsdag, 27 oktober, 2015 - 15:30


– I første fase er sentrum hovudfokus, men det er planlagt ein ny sykkelveg frå Bolteløkka til sentrum, seier prosjektleiar for Plan for sykkelveinettet i Oslo, Knut Magne Galta.

Den nye sykkelvegen vil gå gjennom Sofies gate, inn i Holbergsgate, og deretter inn i St. Olavsgate. Det vil dermed bli lettare å sykle frå sentrum, til Høgskolen i Oslo og Akershus i Pilestedret. Dette er ei prioritert strekning, som etter planen vil bli bygd innan 2025. Det er dermed ikkje sannsynleg at sykkelvegen vil bli ferdig medan noverande studentar er tilknytt HiOA. I planen er det også foreslått at trikken skal flyttast til Kristian Augustgate, til fordel for sykkelvegen.

Oppfordrar til engasjement

– Dette er kun eit høringsutkast, og vi er framleis opne for forslag, gjerne frå studentar eller andre tilsette ved høgskulen, seier Galta.

Sykkelplanen for Oslo er laga i samarbeid mellom Statens Vegvesen og Oslo Kommune. Høringsutkastet skal sendast til byrådet for politisk handsaming i løpet av dei neste vekene.

Eit anna prosjekt som kan påverke studentar sin skuleveg er sykkelveg i Kristian IVs gate frå Grensen til Fredriks gate.

– Dette er ei utfordrande strekning, som bør prioriterast, seier Galta. Den står øverst på ei liste over prioriterte sykkelvegar som Oslo Kommune har presantert på sine nettsider. Strekninga frå Bolteløkka til sentum er ikkje på denne lista. 

Raud løparÅ lage raude sykkelfelt er eit raskt tiltak som tryggar syklistane. Foto: Lene Sørøy NeverdalRaude løparar

I tillegg til nye sykkelvegar er det lagt planar om å forbetre dei allereie eksisterande sykkelvegane, til dømes ved å lage raude sykkelfelt.

– Det er raske handlingar, der ein unngår store planprossessar, og ein kan auke tryggleiken til syklistane, seier Knut Magne Galta.

Dette er ein prosess som allereie er i gang. I krysset mellom Pilestredet og Holbergsgate har det komt ein slik såkalla raud løpar, som skal skilje syklistane frå bilistane.

Tryggare skuleveg

Mange studentar vel vekk sykkel som framkomstmiddel til skulen, fordi det kjennast utrygt å sykle. Lærarstudent, Xin Hu, syklar ikkje til skulen, mellom anna fordi ho bur langt unna skulen. Ho trekk også fram at det ikkje alltid er like trygt å sykle.

– Ein venn av meg vart nylig påkjørt av ein buss i nærleiken av Blindern, seier Xin.

Xin Hu poengterar at ho skal vurdere å kjøpe sykkel om det kjem ny sykkelveg til skulen.

Knut Magne Galta er oppteken av tryggleiken til syklistane, men seier syklistane må respektere trafikkreglane og nytte lys på sykkelen.

– Det er også fint om studentane kjem med tilbakemelding om kvar det er utrygt å sykle, til dømes om der er dumper i sykkelvegen, eller feilskilting, oppmodar Galta.

Sykkel parkeringSykkelparkeringa på HiOA syner at det er mange som syklar til skulen. Foto: Lene Sørøy NeverdalNye bysykkelstativ

Fysioterapaut-student Mathilda Karlsen syklar ofte til høgskulen. Ho syklar frå Fredensborgvegen til Pilestredet og er veldig fornøgd med måten det er tilrettelagt for syklistar.

– Oslo som sykkelby har stort potensiale. Det er mykje som kan forbetrast, men det er godt tilrettelagt den strekninga eg syklar, seier Mathilda.

I tillegg til nye sykkelvegar kan presseansvarleg for bymiljøetaten, Monica Thorud Olsen melde på e-post at det er planar om utvidelse av eksisterande bysykkelstativ i nærleiken av HioA. Kvar desse stativa skal plasserast er i ein søknadsprosess.