Rekordmange søkarar til høgare utdanning

Søkartala frå Samordna opptak i 2016 slo nok ein rekord. 4.000 fleire søkte samanlikna med fjoråret.
Tirsdag, 19 april, 2016 - 13:31


132.021 personar har søkt universitets- og høgskuleutdanning i 2016 – omlag 3,2 prosent fleire enn i fjor. Sjukepleiarutdanninga aukar mest, og Høgskulen i Oslo og Akershus har flest studium på studentane sin søketopp, skriv Khrono.

– Me konstaterer at søking til høgare utdanning held fram med å auke. Me ser òg at søkjarane følger med på samfunnsutviklinga og synest å ta reflekterte valg, seier direktør i FSAT (Felles Studieadministrativt Tjenestesenter) Grete Christina Lingjærde i ei pressemelding frå Samordna Opptak.

Det er spesielt dei “trygge faga” som opplever vekst, observerer kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Helsefaga er blant desse.

– Me er inne i ei tøff omstillingsperiode for norsk økonomi, og det er difor bra at så mange søkjer seg til høgare utdanning. Ikkje overraskande er det spesielt stor søking til studium kor kandidatane har utsikter til trygg jobb i ein framtidig arbeidsmarknad, seier Røe Isaksen i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Sjukepleiarutdanninga stadig meir populær

Helsefag er utdanningsområdet som aukar mest. Samanlikna med i fjor, auka sjukepleiar- og reseptarutdanningene (apotekmedarbeidar, journ.anm.) med nærmare 20 prosent, medan vernepleiarutdanninga gjekk opp med 17 prosent. Totalt 15.000 har sjukepleie som førsteval – til omlag 4.500 studieplassar.

– Regjeringa er opptekne av å sikre god kompetanse til helse- og omsorgstenesta. Mange søkjarar lovar godt for det viktige arbeidet med å skaffe befolkninga gode helsetenester, seier Røe Isaksen.

Nedgang for realfag

Etter eit auke på 11 prosent frå 2014, har realfagsutdanningene samla gått tilbake med 1,3 prosent sidan i fjor. Teknologifag går også tilbake.

– Søkinga til realfagstudium er stabil, men eg skulle gjerne sett at me hadde haldt nivået på søkinga til teknologistudia. Me treng eit betydeleg tal teknologi- og realfagskandidatar for å lukkast med den omstillinga og verdiskapinga samfunnet treng framover, seier Røe Isaksen.

Fristen for å søkje høgare utdanning gjekk ut 15. april. Søkjarane får svar på søknaden 20. juli.