TRUFASTE KUNDAR: Freddy klipper 78 år gamle Knut som har vore fast kunde i 10-15 år. Foto: Gard Oterholm.

Frisør, psykolog og kjendiskviskrar

Freddy Larssen opna frisørsalongen sin på Grønland i 1971. No, 45 år seinare, har frisøren blitt 71 år gammal, men han har ingen planar om å gje seg endå.
Tirsdag, 8 november, 2016 - 17:25

I den vesle salongen har tida stått stille dei siste 45 åra. Fortsatt heng det bilete på veggen som viser korles området såg ut når Freddy starta frisøren.

- Kundane kan sjå på salongen min som ein tidskapsel. Her kan dei kome inn og sjå bilete av Akerselva, og peke ut ein båt som far eller farfar hadde liggjande til kai når dei var små.

Det sosiale er det viktigaste

Musikken spelar frå ein gamal radio, og ved speilet ligg det faste utstyret; saks, kam og børste. Den korte tida me er der, får utstyret stort sett liggje i ro, men Freddy fortel at han har nok å gjere på jobb, sjølv om det til tider er rolege periodar.

- Eg veit aldri kor mange kundar eg får, nokre gongar er det mange som venter andre gonger er det stille i fleire timar.

Freddy likar det uforutsigbare ved jobben, og snakkar mykje om det han likar aller best, nemleg å møte folk.

- Det er det sosiale, det å møte folk. Og når eg har ei så lita sjappe som det her, så kjenner eg alle kundane mine på fornavn.

Ikkje framand for kjendisar

Det har vore fleire celebre kundar innom, og salongen til Freddy har også blitt brukt som fotostudio ved fleire høve. Både Ari Behn og Jarle Bernhoft har vore i salongen med fullt kamerateam.

- Då Ari var her henta eg fram ein kniv eg har fått av ein kunde, og poserte med den under fotograferinga. Det bildet likte fotografen så godt at det hamna på framsida av Magasinet – Dagbladet.

Ferdig utlærd psykolog

Freddy seier at han har flest kvardagslege kundar, og det er dei han set mest pris på. Med dei faste kundane fungerar han like mykje som psykolog, som frisør.

- Ein av kundane mine er profesjonell psykolog, så eg spurte han kor mykje eg hadde igjen av mi læretid, no når eg har holdt på med det her og snakka med kunder i så mange år. Han sa at eg er allereie ferdig utlærd, så lenge som eg har vore i faget.

Skal ikkje pensjonere seg endå

Freddy har nokre kundar som har vore med han heilt sidan starten. Det er mykje på grunn av desse at han lar pensjonstilværelsen vente på seg.

- Kundane seier at eg ikkje får lov til å gje meg, så derfor er eg her endå.

Han har heller ikkje noko svar på kor lenge han kjem til å holde på.

- Eg tar eit år av gangen, så får me sjå kor lenge eg blir her.