Grytten og Skodvin signerar bøker. Foto: Charlotte Førde

Er jorden deilig?

Torsdag 22. november presenterte Helge Skodvin og Frode Grytten bokprosjektet «Deilig er jorden» for Oslos befolkning. Arrangementet gjekk føre seg på Tronsmo bokhandel i Universitetsgata.
Onsdag, 28 november, 2018 - 10:54

«Deilig er jorden» er eit resultat av fem år fotografering, og ein heil del fiksjonelle tekstar. I 2013 reiste Helge Skodvin til Oslo for å kjøpe ny bil. På turen heim oppdaga han ein oppblåsbar nisse som låg langflat utanfor ein europrisbutikk.

– Då stoppa eg og tok bilete. Då eg kom heim såg eg at dette eigentleg vart ganske bra, så då fortsatte eg med å ta bilete.

– Vi heier jo på jul

Ei tid før jula 2017 snakka dei to om at Grytten skulle lage tekstar til boka.

– Eg ville gjerne at det kom nokon som gjorde at boka som eit prosjekt hadde meir hald. Sidan bileta er litt morosame eller absurde kan ein seie at tekstane eg har skrive på Facebook er litt meir flåsete. Eg ville ikkje at det skulle verte pluss og pluss. Det måtte vere noko som kunne gje det ein verdi utover at det vart ein sånn munnleg sjargong, fortel Skodvin.

Då falt valet på Grytten. Kanskje kan boka mistolkast som ein politisk kommentar om forbrukarsamfunnet. Det er den ikkje, i fylgje dei to.

– Nei, det har vi jo fått spørsmål om det nokre gongar no, og vi er jo for jul, seier Grytten. 

– Ja, vi heier jo på jul, legg Skodvin til.


Helge Skodvin snakkar om bokprosjektet. Foto: Charlotte Førde 

Eit tidsbilete på dei siste åra

Dei legg likevel ikkje skjul på at jula også kan vere strevsom for mange.

–  For veldig mange, også i våre liv kan det følast som eit press. Forventningar om at alt skal vere bra, alle skal vere lykkelege, og alt skal vere fullkomment. Sånn er jo ikkje livet. Det er alltid noko som ligg og skurrar ein eller annan plass. Det er jo ikkje Kurt Nilsen på alle kanalar. Det er alltid ein eller annan støy-rock som kjem inn, ler Grytten.

Skodvin er einig, og leggjer til at bileta ikkje er eit politisk innlegg i debatten for eller mot jul.

– Eg trur at jula kjem til å bestå sjølv om denne boka fins, ler han. - Jula kjem nok neste år også. Det er jo liksom ein observasjon, ein dokumentasjon. Hald opp, og sjå at slik ser det ut. Det er ikkje alltid sånn at ein ser det når ein held på i kvardagen din, fortset Skodvin.

Opplaget av boka er på 3000 stykker. Dei to veit ikkje om den vil selje, men tykkjer det er kjekt visst folk vil kjøpe den.

– Vi har gjort vårt, og vi hjelper jo gjerne til. Men om folk kjøper kan vi ikkje gjere noko meir med, seier Skodvin.

Han trur ikkje på å lage noko tidlaust, men meiner at boka er eit tidsbilete på akkurat desse åra han har fotografert.

– Eg trur det er ei bok som har ganske lang haldbarheitsdato. Det er ikkje slik at den er død første januar, avsluttar Grytten.