Fridom på papiret

I Russland er det store skiljer mellom kva journalistar kan og ikkje kan publisere.
Mandag, 23 mai, 2011 - 10:10


Sidan 1992 har 77 journalistar blitt drepne i Russland. Mange rettssaker som følgjer av journalistdrap fører ikkje fram, slik som rettssaka etter drapet på Anna Politkovskaja, der ingen enno har blitt dømd for drapet. Til samanlikning blei nyleg gjerningsmannen bak drapet på Anastasiya Baburova dømd til livsvarig fengsel.

I mai blei ytterlegare ein journalist, Yakhya Magomedov, drepen, då i det urolege området Dagestan i Nord-Kaukasus. Han var redaktør i ei islamsk avis.

 

Har medielov

– Media er frie, men berre til eit visst nivå, seier journalisten og forfattaren Natalia Kopsova.

– Journalistane kan skrive fritt, men ikkje om alt. Dei kan til dømes ikkje skrive kritisk om bedrifta som eig medieselskapet dei jobbar for.

I den russiske lova om massemedium står det at ”I den Russiske Føderasjonen skal innhenting, mottak, produksjon og formidling av massekommunikasjon (…) ikke bli ilagt noen restriksjoner.”

 

Oligarkane har mykje makt

Sjølv om medielova er liberal, har dei private aktørane store eigardelar i større og mindre russiske medium. Til dømes eig private bedrifter med base i Moskva til saman 49 prosent av Channel One, som er den TV-kanalen som når ut til flest russarar. Staten eig dei resterande 51 prosenta av kanalen.

Natalia Kopsova fortel om oligarkar i Russland som har stor kontroll over kva som publiserast. Dei kan heile tida sparke journalistar, dersom dei ikkje held seg til retningslinene oligarkane set.

Her kan du lese meir om kontrollen til oligarkane.

 

Underhaldning framfor kritisk journalistikk

Sensuren er sterk frå høgare hald, men i tillegg legg journalistane sjølv lokk på ytringane sine.

Når mediehusa vil tene pengar, lagar dei underhaldning i staden. Dette er ein like stor trugsel mot kritisk journalistikk som at einskilde journalistar unngår å skrive dei vanskelege sakene på grunn av at det kan vere farleg.

Les også: - Selvsensur er vårt største problem.

 

Sosiale medium vekkjer interesse

Den nord-kaukasiske redaktøren Gregory Shvedov trekk fram sosial apati som den største utfordringa for pressefridomen. Difor ynskjer han nettmedium som Youtube velkomen fordi det vekkjer meir interesse hjå eit publikum som ikkje orkar å setje seg inn i tunge saker.

Russland har lovane i orden når det gjeld pressefridomen. Men røynda er annleis.

 

  • Russland

  • Styringsform: Rebublikk

  • Folketall: 145 181 900

  • Fengslede journalister hittil i år: 0

  • Fengslede journalister i 2010: 0

  • Drepte journalister hittil i år: 1

  • Drepte journalister i 2010: 0

  • Drepte journalister siden 1992: 77