

Strømsgodset mot strømmen
Strømsgodset er éin av klubbane som dei siste åra har hatt auka tilskodartal. Journalen dro til Tromsø for å følge strømsgodsetsupportarane i jakta på seriegull. - Vi hadde ein topp i 2007, men etter det har det gått ned med tretti prosent, seier Thomas Torjusen i toppfotballklubbane sin interesseorganisasjon, Norsk toppfotball. Strømsgodset derimot, har hatt ei auke i tilskodartal på heile tjue prosent dei siste åra. Salgssjef i Strømsgodset, Viktoria Fladby meiner det hovudsakleg er sportslege resultat som er årsaken. - Frå cupfinalen i 2010 og at vi har vore med i gullkampen i serien to år på rad, har det hatt mykje å seie for tilskodartalet, seier ho.